Sport | 03. juni 2018

Heidra kameraten

Gatelaget stilte med sørgeband i kampen mot kjendislaget for å heidra kameraten som nyleg gjekk bort.

Heidra kameraten
Gatelaget stilte med sørgeband for å heidra fjorårets keeper på laget då dei møtte kjendisane på Kuventræ søndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 03. juni 2018 14:22

Bildeserie:

Sverre Lunde Pedersen med ei fin dragning (foto: AH)
Sverre Lunde Pedersen med ei fin dragning (foto: AH)
To olympiske meistrar på kjendislaget (foto: AH)
To olympiske meistrar på kjendislaget (foto: AH)
God ballkontroll hos gatelaget (foto: AH)
God ballkontroll hos gatelaget (foto: AH)
Tore Kleppe stilte som keeper på gatelaget (foto: AH)
Tore Kleppe stilte som keeper på gatelaget (foto: AH)
Eit godt innlegg frå gatelaget, som diverre ikkje enda i mål (foto: AH)
Eit godt innlegg frå gatelaget, som diverre ikkje enda i mål (foto: AH)
Gry B. Skarstein fekk litt å bryna seg på mot eit solid forsvar (foto: AH)
Gry B. Skarstein fekk litt å bryna seg på mot eit solid forsvar (foto: AH)
Tøffe taklingar høyrer med når det er fotballkamp (foto: AH)
Tøffe taklingar høyrer med når det er fotballkamp (foto: AH)
Ei god sjanse for gatelaget (foto: AH)
Ei god sjanse for gatelaget (foto: AH)
Gatelaget fekk straffe, men den redda Eirik André Hesthamar (foto: AH)
Gatelaget fekk straffe, men den redda Eirik André Hesthamar (foto: AH)
1 av 9

Det blei rått parti då kjendislaget møtte gatelaget på Eat Move Sleep-cup søndag. Med to OL-meistrar, ein av dei også samanlagtvinnar i verdscupen, på laget viste kjendislaget at dei nok hadde litt betre kondis enn bebuarane og tilsette på Vartun.

• Sjå video frå gatelaget vs kjendislaget i 2017

Sverre Lunde Pedersen og Håvard Holmefjord Lorentzen viste at dei kan meir enn å gå på skøyter.

– Vi må nok ta ein prat med Endre. Dei kan jo ikkje berre stille med topptrente OL-meistrar og unggutar berre for å slå oss, smilte Emil etter kampen.

Mista kameraten

Saman med lagkameratane stilte han med svart sørgeband på overarmen.

– Det er fordi at ein av spelarane våre døydde for eit par veker sidan. Han sto i mål på kampen i fjor, og resten av gjengen meinte dette var ein fin måte å heidra han på, fortel lagleiar Arve Frostad.

Dei to er nøgde med å stilla eit så mann- og kvinnesterkt lag som dei gjorde, trass i at det blei 1-5-tap for kjendisane.

– Det er klart vi er ikkje nøgd med å tapa, men neste år skal vi ta revansje.

Slik kom måla

0-1 sette sentrumssjef (og aktiv spelar på Eikelandsosen) William Lindborg inn.

0-2 kom etter at verdscupvinnar og olympisk meister Håvard Holmefjord Lorentzen sette fart på midtbanen. Han viste at han har god ballkontroll og la over til handbakkjempen Tore Matre, som enkelt kunne flikka ballen vidare til 71 grader nord-vinnar Gry B. Skarstein som sette den i mål.

0-3 kom etter at Lindborg først hadde levert eit fantastisk forspel, kor han sette Tore Kleppe i gatelaget sitt mål heilt ut av spel. Komikar Thomas Helgesen fekk ei enkel oppgåve med å setta ballen i mål.

0-4 kjem etter at ein annan olympisk meister, Sverre Lunde Pedersen, kombinerer vakkert med handballspelar Hilde Kristine Røttingen. Lunde Pedersen har små problem med å skåra.

Reduksjonen til 1-4 kjem etter ei gedigen keepertabbe frå politikar Eirik André Hesthamar etter eit godt langskot for Tom.

Sluttresultatet 1-5 frå næringssjef Daniel Skotheim æra av å setta inn etter ei pasning frå Lunde Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.