Lokal | 21. juli 2017

– Heile rommet blei ommøblert

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.

– Heile rommet blei ommøblert
Madelen Bergesen Olsen og Anders Grov opplevde jordskjelvet på Kos på nært hald (privat foto/Google Maps)
Andris Hamrefredag 21. juli 2017 07:35

Eit jordskjelv med styrke på 6,7 blei registrert utanfor den tyrkiske byen Bodrum klokka 22.31 lokal tid, i følgje det amerikanske jordskjelvsenteret USGS.

Det greske ferieparadiset Kos er av stadene som er hardest råka, kor to sålangt har blitt bekrefta omkomne og ein nordmann skal vera hardt skadd.

Blei vekt av skjelvet

Osingane Anders Grov og kjæresten Madelen Bergesen Olsen har tilbrakt den siste veka på den populære ferieøya.

– Vi har vore ei veke på Kos, i sjølve Kos sentrum. Vi vakna av at alt rista og rommet blei ommøblert i halv to tida lokal tid i natt, fortel Grov.

Måtte evakuera

Dei to måtte naturleg nok forlata hotellet.

– Etter skjelvet blei vi beden om å gå ut i lag med dei 150 andre på hotellet. Vi satt ute i gata ned mot stranda og merka at etterskjelvene kom.

– Hotellet vårt tok ingen alvorlege skade, men bygningar rundt hotellet kollapsa. Nokre av dei sank ned i jord og blei ståande på skakke.

– Skal bli godt å koma heim

Dei to er i skrivande stund på veg heim til Os.

– No er med i bussen på veg til flyplassen. Vi håper på å komma oss heim i løpet av dagen. Det skal bli godt å koma heim no, avslutter Grov.

Meir enn 20 etterskjelv skal ha blitt registrert etter hovudskjelvet som hadde episenter 10,3 kilometer sør for Bodrum og 16 kilometer frå Kos. Skjelvet hadde ein dybde på 10 kilometer.

Er du på Kos, i Tyrkia eller nokre av dei andre stadene som er råka? Send oss gjerne bilete og skildringar på tips@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.