Kultur | 30. okt. 2014

Heilnorsk på bygdekinoen

Laurdag er den store kinodagen med tre filmar på Bygdekinoen. I tillegg til svart komedie for vaksen blir det både komedie og spenning for born.

Heilnorsk på bygdekinoen
Operasjon Arktis utspelar seg i Isødet ved Svalbard (foto: Filmkameratene/ Nordisk Film Distribusjon)
Andris Hamretorsdag 30. okt. 2014 07:49

Laurdag avsluttar «Her er Harold» den store kinodagen, som blir markert over heile landet med halv pris på billettane, på Oseana. «Her er Harold» er delvis spelt inn hjå Sælen Møblar på Søfteland og har fått terningkast 5 både i VG og BA etter at den blei vist for pressa onsdag.

Til visinga av «Her er Harold» har Oseana plan om å gjera litt ekstra.

– Vi kjem til å ha raud løpar og familien Sælen kjem til å stilla.

– Sidan vi viser filmen dagen etter premieren så fekk vi ikkje regissør og hovudpersonar til å kome, men vi har eit alternativ, fortel Janne Mari Hjelle på Oseana.

Ta "sjølfie" med Sundquist

Hjelle fortel at dei har fått tak i ein pappfigur av Bjørn Sundquist som kjem til å sitta i ein stol i foajeen.

– Så her blir det moglegheitar å få tatt "sjølfie" med pappversjonen av hovudpersonen.

I tillegg til «Her er Harold» står to andre norske storfilmar på plakaten.

Ønskjereprise

Først ut blir det eit gjensyn med fjorårets store julefilm «Jul i Flåklypa», ei ønskjereprise frå bygdekino-publikummet.

Kjell Aukrust sine folkekjære figurar Solan, Ludvig og Redor Felgen er tilbake på det store lerretet. "Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa" er basert på boka "Solan og Ludvigs jul" av Harald Sommerin Simonnæs, og på karakterar fra Kjell Aukrust sitt kjende og kjære univers.

I Flåklypa nærmar det seg jul, og Flåklypa Tidende- redaktør Frimand Pløsen har lova bygda snø til jul. Når Ludvig ynskjer seg det same, så er ikkje oppfinnar Reodor Felgen vanskeleg å overtale til å byggje verdas mest kraftige snømaskin! Men så forsvinn Reodor, og så forsvinn snømaskina, og då må Solan og Ludvig stelle i stand til jul aleine. Dersom dei rekk det då, etter å ha redda Flåklypa frå verdas verste snøstorm...! For å tukle med naturen - det er fali' det!

Filmen passar for alle og varar i 1 time og 16 minutt.

Spenning på Svalbard

Film nummer to laurdag er den norske spenningsfilmen «Operasjon Arktis», kor mykje av handlinga utspelar seg lengst nord i Noreg, nærare bestemt på Svalbard.

Vinterstormen rasar over Svalbard og drivisen kapslar inn Halvmåneøya. Midt i dette isødet står tre born: 13-årige Julia og dei to småsyskena hennar, tvillingane Ida og Sindre på 8 år. Heilt aleine. Dei har hamna der ved ein skjebnesvanger feil. Ingen veit at dei er der. Dei veit ikkje eingong sjølve kvar dei er. På det norske fastlandet leitar foreldre og politi desperat etter borna, uvitande om at det bokstavleg tala er eit hav mellom dei.

For tre born frå byen startar ein kamp for å overvinne både si eiga redsle og dei dramatiske og tilsynelatande nådelause naturkreftene. I tillegg blir hytta dei har søkt tilflukt i, angripen av ein nærgåande isbjørn! Det er ikkje berre storesyster Julia som fort må bli vaksen. Når dei står ovanfor ein i utgangspunktet umogleg situasjon, må dei alle tre lære noko som alle born elskar, men som den moderne verda vår i stor grad har teke frå dei - moglegheita til å meistre det umoglege!

Filmen har 7 års aldersgrense og varar i 1 time og 29 minutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.