Sport | 13. aug. 2016

Heilsvart angrepsdag for Os

Det blei tungt for Os heime mot Vestsiden-Askøy. – I dag var det heilsvart i avslutningsaugeblikket, oppsummerer Ørjan Håland.

Heilsvart angrepsdag for Os
Divaldo Cardoso svevde høgst og satte inn Os sitt mål mot Vestsiden-Askøy (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 13. aug. 2016 14:23

Vestsiden-Askøy, som låg på 10. plass før oppgjeret mot Os, kunne reise nøgd heim med tre poeng etter at dei slo Os 1-3 på Kuventræ laurdag.

Det første målet kom berre tre minutt ut i kampen etter at kaptein Torkel Hjertnes serverte ei gåvepakke av ein pasning til gjestane sin spiss. Utan press og med fri bane til mål gjorde han ingen feil mot Andrew Todd.

– Det er slik som skjer når vi speler på den måte vi gjer, kommenterer assistent-trenar Ørjan Håland.

Nyervervelsen svevde

Berre ni minutt seinare sørga nyankomne Divaldo Cardoso for at det blei balanse i rekneskapet. Erik Kanestrøm slo corneren som Cardoso svevde høgst på, då han heada inn 1-1.

Etter det var det mest berre eitt lag på banen. Os pressa på og hadde den eine store sjansen etter den andre. Knut Spangelo Haga med eit skot som strauk utsida av tverrliggeren, Rafael Villen Villen, etter ein korner og slik heldt dei på, men ballen ville ikkje i mål.

– Vi produserer mange sjanser i dag og skal ta leiinga i 1. omgang, men i dag var det heilsvart i avslutningsaugeblikket, konkluderar Håland.

To angrep, to mål

I staden kom gjestane på sin andre visitt i Os-feltet og plutseleg sto det 1-2. Igjen var det eit sviktande forsvar som lot gjestane ta føringa.

– Det er diverre slik det har vore litt med oss i år. Vi har berre slept inn 21 mål før denne kampen, men når vi slepp inn mål, så blir det gjerne 3 og 4 i slengen. Det handlar om konsentrasjon.

I andre omgangen var gjestane vassast og meir med. 1-3 kom etter at Os mista ballen på midten og Vestsiden-Askøy kunne køyre ei kontring som blei satt kontant i mål.

Os hadde sine sjansar, men som i første omgangen var ikkje angriperane skarpe nok.

Os - Vestsiden-Askøy 1-3 (1-2)

Os sitt lag: Andrew Todd, Knut Spangelo Haga, Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Erik Kanestrøm, Rafael Villen Villen, Øystein Takle Eide, Hassan El Fakiri, Torgeir Lunde, Stian Lunde.

innbyttarar med speletid: Anders Havsgård, Glenn Krossøy, Emil Miridoozini Halver, Steffen Årseth Ljosheim, Adrian Kallekleiv Valle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.