Sport | 16. sep. 2017

Heilsvart på Kuventræ

Ingenting stemte for Os mot Førde. Tapte 0-5.

Heilsvart på Kuventræ
Her headar Marius Mikkelsen ballen i mål, men skåringa blir annulert for offside (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 16. sep. 2017 15:20

Det blei ingen god dag på jobben for Osspelarane då dei tok imot Førde heime på Kuventræ laurdag ettermiddag. Desto betre blei den for gjestane frå Sunnfjord.

– Eg sa til gutane at vi var eit betre lag enn Os før kampen. Og det viste dei i dag. Vi tok Os på deira svakheiter. I dag synes eg også at vi tok dei på fysikken, spesielt utover i kampen, oppsummerer Førde-traner Bjørn Totland etter å ha sett laget sitt slå Os 5-0.

Os - Førde 0-5 (0-1)
Os sitt lag: Anders Fossen Lunde (Erlend Østgulen Hevrøy), Alexander Dale, Endre Brenne, Ole Martin Lekven Kolskogen (Divaldo Cardoso), Hassan el Fakiri (Øystein Takle Eide), Erik Kanestrøm, Rafael Villen Villen, Torkel Hjertnes (Alexander Tøssebro), Torgeir Lunde, Skage Simonsen Lehland (Marius Mikkelsen), Christoffer Hafsås.

Sjå tabellen

Eit stort gjesp

Første omgangen blei eit stort gjest sett med Osauge. Etter ni minutt var Førde frampå med ei stor sjanse, men Fossen Lunde var kjapt nedpå og redda. Halvtimen seinare klarte han ikkje hindra Førde i å skåra. Osforsvaret er slappe i klareringa og Førdespissen får ein enkel jobb å setta ballen i mål.

Eit par minutt før pause har Os sin store sjanse då Torgeir Lunde skyt i tverrliggaren frå 17 meter.

Annulert skåring

Andre omgangen startar med at Førde får eit mål annulert for offside før dei smått om senn går opp i 0-4 før Os også får ballen i mål.

Marius Mikkelsen stupheadar ballen i mål, men linjemannen meiner han var i offside og dommaren annulerer skåringa.

Dermed blir det første kampen på heimebane sidan Varegg-kampen 13. mai at Os ikkje skårar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.