Lokal | 21. mai 2015

Heilt på kanten

Ein bil har hamna oppå ein mur i Søvikåsen.

Heilt på kanten
Bilen skulle rygga og hamna oppå ein mur på Ole Bulls veg. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mai 2015 07:10

Torsdag formiddag, då plan- og bygningsutvalet var på veg på synfaring, kom dei forbi denne noko spesielle posituren på ein bil på Ole Bulls veg over Søvikåsen.

– Trafikken går greit forbi, fortel Midtsiden-journalist Andris Hamre, som følgjer PBU-møtet i dag.

Politiet seier dei har fått melding om ulykka, men at det er ingen personskade og at dei ikkje rykker ut.

– Eg skulle rygga for møtande bil

Bilførar fortel at uhellet skjedde under rygging.

– I utgangspunktet var det den møtande bilen som skulle ha rygga, han hadde lomma nærmast, men nekta.

Ulykkesbilen fekk eit langt stykke i revers og førar var uheldig og kom seg oppå muren.

– No ventar eg på Falcken skal koma og henta den.

Førar var åleine i bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.