Kultur | 25. mars 2014

Heilt Texas på Nore Neset

I helga var det rekordbesøk på premieren, fredag og laurdag går to nye show av «Heilt på kanten». – Vi lo så vi hylte to timar i strekk! seier Ingrid Netland.

Heilt Texas på Nore Neset
Tekstforfattar Thomas Helgesen og korsryggen til revykollega Jan Helge Corneliussen. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. mars 2014 12:27

– Det er første gong vi har fått klagar etter premieren. Folk sa dei hadde vondt i kjakane etter å ha ledd så mykje.

– Det er også første gong vi har hatt 150 på premiere, og laurdag var det smikkfullt med godt over 200 i salen, fortel Susan Askvik frå revygruppa Nor og Ne'.

Morosam på Midtsiden sin kostnad

Årets show, «Heilt på kanten», hauster mykje ros rundtom i bygda. Midtsiden var på øving med revygruppa, men er ikkje sikker på om vi tør gå på showet.

– Ha, ha! Midtsiden får mykje plass i showet, det var ein knakande god sketsj, ler Ingrid Netland, lokalpolitikar og publikum på Nore Neset i helga.

– Eg hadde med meg bror min, som ikkje er frå Os, så eg var litt spent. Men vi lo frå start til slutt, det var hysterisk vittig frå første sekund!

Ny fullsett helg i Symrasalen?

Etter rekordstarten i helga og god respons frå publikum ser det ut til å bli to gode show også komande helg.

– Vi har godt sal til helga, men det er framleis billettar igjen.

– Men laurdagen blir nok utselt om ikkje så lenge, trur Susan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.