Sport | 21. apr. 2014

Heiltent før seriestart

I dag startar serien for Lysekloster og Os. Birkelund og Berge har plukka troppar frå nærmast skadefrie stallar.

Heiltent før seriestart
Lysekloster og Os er klare for seriestart i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. apr. 2014 07:45

Måndag 2. påskedag er seriestart for 3. divisjon avdeling 7.

Alle laga bortsett frå Fyllingsdalen 2 - Vard Haugesund 2 og Haugesund 2 - Vadmyra speler første runde i dag.

Lysekloster tar imot Øystese på heimebane frå klokka 16, Os speler borte mot Varegg frå klokka 17.

Terminliste og tabell, 3. div. avd. 7.

– Blir truleg underhaldande

Øystese leia 2-0 og 3-1 og vann til slutt 3-2 då dei i fjor slo Lysekloster ut av NM.

Men i serien var Lysekloster starkast, og vann 2-0 heime og 3-2 borte.

– Øystese speler litt likt som oss. Eg håper det bølgjer mindre i år, at vi er meir tydeleg betre enn Øystese, og eg trur uansett det blir ein underhaldande kamp for dei som vil avslutta påsken med å sjå fotballkamp, seier Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund.

Bortsett frå dei langtidsskadde spelarane må han klara seg utan Matthias Høiland, som tråkka over på trening i påsken.

– Men vi har aldri vore fleire på trening enn no, og i påsken har det vore høgt tempo og veldig god intenistet. Vi er klare! seier Birkelund.

Tettpakka veke for Os

A-laget speler borte mot Varegg måndag, heime i NM mot Vard Haugesund torsdag og heime i serien mot Lysekloster søndag.

Os 2 startar serien heime onsdag og speler andre runde borte på laurdag.

– Alle er friske bortsett frå Christer Olsen, som har fått halsbetennelse, og Fredrik Heggeland, som skadde seg på treningsleiren, fortel Os-trenar Jørn Vegard Berge.

Også Os-trenaren fortel om god førebuing og full trøkk i innspurten til seriestarten.

Heimekampar for andrelaga

– Dei er veldig tent no, og det er bra, for dette blir ei hektisk og viktig veke for oss.

Både Os 2 og Lysekloster 2 startar serien med heimekampar onsdag klokka 20.

Terminliste og tabell, 5. div. avd. 3.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.