Kultur | 14. des. 2012

"Heim til Os" kjem heim til deg

Årets julehelsing frå Os kommune: Gratis cd med ORBO og Os Mannskor i posten til husstandane.

"Heim til Os" kjem heim til deg
ORBO sin Heim til Os-singel kjem no heim i posten til deg. Om du bur i Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. des. 2012 13:40

Laurdag 10. november, under WT Litteraturfestival, hadde ORBO og nokre representantar frå Os Mannskor urframføring av låta "Heim til Os".

Sjå òg: ORBO med song til Os (med video)

Låta er spelt inn og i desse dagar sender Os kommune, Oseana, ORBO (Ole Reinert Berg-Olsen) gjev saman med ORBO sitt plateselskap Grappa ut ei musikals julehelsing til alle husstandane i Os.

– Eg er glad og stolt over å kunna bu i verdas vakraste bygd, og eg håper «Heim til Os» får ei langt liv i bygdo, seier Ole Reinert.

Han takkar også Os Mannskor, Gina Aspenes, Åsmund Lien, Vidar Langeland og Arne Meland for viktige bidrag til produksjonen.

Os kommune og Oseana KF står for distribusjon av CD-en, som ei takk til alle som har engasjert seg i kunst- og kultursenteret og som bidrar til å gje Os kommune sin visjon om å skapa Livskvalitet for alle eit meiningsfult innhald.

- Vi håper dette blir ei kjelde til yttarlegare inspirasjon og innsats for osingar flest som deltar i store og små aktivitetar i Osbygdo. Det er gjennom felles innsats i frivillige lag og organisasjonar, i den kommunale tenesteproduksjonen, i næringslivet og samfunnet elles at vi kan utvikla Os til ein enda betre stad å veksa opp og bu, seier ordførar Terje Søviknes.

Kan du ikkje venta med å få postmannen på døra, eller bur du utanfor Os?

Då kan du høyra låta ferdig innspelt på soundcloud.com.

Medverkande på innspilinga:
Ole Reinert Berg-Olsen: Vokal, gitar og bass.
Tove Kragset: Flygel
Øystein Fosshagen: Fiolin
Os Mannskor
Spelt inn i Hordaland Studio, ORBO sitt studio i Os
Miksa av Ole Reinert Berg-Olsen og Erick Jaskowiak

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.