Sport | 12. jan. 2012

Hektisk start for Leif Idar

Leif Idar Røen er i gang som dagleg leiar for handball- og fotballgruppa til Os Turn. Parallelt har han fullt belegg med nystarta firma.

Hektisk start for Leif Idar
Leif Idar Røen stortrivst på Kuventræ, og har fått på plass ny utstyrsavtale med Diadora. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. jan. 2012 09:31

I november blei det klart at Leif Idar Røen blei tilsett i nyoppretta stilling som dagleg leiar i Os Turn.

Les òg: Blir sjef på Kuventræ

Stillinga er 50 prosent og inneber innsats for både handball- og fotballgruppa i klubben. Røen starta i jobben 1. desember.

– Heldigvis kjenner eg klubben og begge idrettsgruppene godt frå før, for det blei travelt frå første dag, seier Leif Idar.

Hasteoppdrag

Røen hadde førebudd seg med å laga ein oppstartplan. Å etablera kontoret i klubbhuset kom tidleg på plass, samstundes hasta det med ei anna sak; utstyrsavtalen til fotballgruppa.

– Den førre utstyrsavtalen gjekk ut 2011. Ny avtale måtte snarast på plass for at ny samarbeidspartnar skulle rekka å førebu 2012-sesongen.

Dei fleste kjente merkene var med på å gje pris. Valet falt på Diadora med MX Sport som lokal leverandør.

– Det neste eg blir involvert i er organisasjonsplanen til handballgruppa. Fotballen har plan og god breidde på rollefordelinga i styret og arbeidsgrupper, handballen er midt i ein prosess der vi vil utvida talet på arbeidsgrupper og roller.

Lyd og bilde i klubbhuset

Mellom det administrative arbeidet har Røen også fått utført eit stykke praktisk handarbeid.

– Eg har ein visjon om at klubbhuset skal bli brukt meir. Eg ordna ein svært snill pris frå leverandørar av utstyr og tok naturlegvis sjølv installasjonen av ny prosjektor og nytt lydanlegg.

Røen har som kjent bakgrunn frå butikken Lehrmann's TV og Radio som i haust fekk kroken på døra.

– Dette er veldig enkelt å bruka. Utstyret er låst inn, medan fjernkontrollane og inngangane til mini-jack, usb og hdmi er ute i det fri. Her er det berre å plugga i kva som helst så får du lyd og bilde, anten det er snakk om å visa ein YouTube snutt til eit fotballag eller powerpoint til eit møte eller ein 40-årsdag.

– Alt skal innom klubbhuset

Leif Idar fortel elles om førebuing av cupar og arrangement på Kuventræ og i Oshallen, og om avlasting av styra i fotballen og handballen.

– Målet er at eg skal kunna hjelpa flest mogleg i gruppene med mest mogleg, og at eg skal få oversikt over det meste som skjer av arbeid i klubben, også det som ikkje krev at eg involverer meg.

– Dess meir informasjon eg sit på dess lettare blir det for meg i vidare arbeid med å laga fast, god struktur på korleis vi jobbar vidare.

Full fart med nytt firma

Jobben på Kuventræ er, sjølv om oppgåvene fint kunne fortent ei full stilling, førebels berre 50 prosent.

Røen er på Kuventræ i full arbeidsdag måndagar og onsdagar, dei andre dagane held han på i same bransje som før.

– Etter at butikken blei stengt starta eg nytt firma; Parabolservice. Her har eg no fulle dagar og litt til med montering i Os og nabokommunane.

– Og det er ikkje berre montering, eg har også selt overraskande mykje varer, seier Leif Idar, som har same utval av tv, stereoanlegg og digitalt mottakssystem på menyen som då han dreiv butikk i Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.