Kultur | 11. mai 2011

Held gravøl for Fjellheim

Fjellheim blir erstatta av Oseana og stenger for godt 1. juli. Det blir markert i mai av dei som eigde huset frå 1911 til 1989.

Held gravøl for Fjellheim
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mai 2011 09:16

Os Musikkforening og Os Turnforening bygde Fjellheim saman i 1911, og i 1938 etter brannen i 1936. I 1989, etter sviktande inntekter då dei populære dansane blei erstatta av diskotek, overtok Os kommune eigarskapen og driftsansvaret.

Les òg:
Gratulerer med dagen, Fjellheim (100 år 26. februar 2011)

17. juni blir kulturhuset erstatta av Oseana, 1. juli stenger dørene for godt. Blues- og jazzfolket tok farvel med romjulskonsert vesle nyttårsaftan i fjor, rockarane med eige jubileum i februar i år og no er det dei som bygde og eigde Fjellheim sin tur.

– Sjølv om kulturskulen nok er største brukar av Fjellheim i dag er både musikkforeininga og turnarane framleis aktive brukarar av huset. Men det er først og fremst eldre minne vi kjem til å mimra over, seier Mette Samdal.

Gravøl for Fjellheim blir arrangert laurdag 28. mai.

Startar i Oseana (!)

Mette har vore medlem i Os Musikkforening, som i år fyller 110 år, i 50 år. Ho har også vore aktiv turnar. No er ho med i arrangementskomiteen til avskjedsfesten for Fjellheim saman med Annlaug Os frå turnforeninga og Oddvar Lyssand, Anne Valle og Odd Lyssand frå musikkforeininga.

– Vi har fått Anders Hauge med som konfransier, det veit vi han kan på ein framifrå måte. Programmet er vi også veldig nøgd med, seier Samdal.

Festen startar med vorspiel i Oseana i form av omvising og aperitiff. Dei som ikkje vil spasera til festen i Fjellheim blir kjørt i veteranbuss.

– På scenen i Fjellheim får vi sjå og høyra Jimmy Øvredal sitt «Gravølpsalme» før Krinskoret, som dukkar opp no og då, går på scenen. Turndamer frå 40 år til 70 år skal ha oppvising, musikkforeninga skal sjølvsagt spela og så blir det revyinnslag med blikk tilbake og fram i tid.

Mange år med arbeid og samhald

Mette Samdal fortel om mange år med stor glede og enormt engasjement rundt drift og deltaking i arrangement i Fjellheim. Dei som eigde og dreiv huset har truleg endå fleire gode minne frå Fjellheim enn dei mange som har hatt glede av det som har vore storstova til Os i 100 år.

– Vi hadde vaktmeister i eigen bustad i tilbygget der RadiOs no held til, Johannes Hjelle var blant dei som sørgja for at alt var på stell. Men det var mange oppgåver for oss andre òg, frå klargjering til opprydding, eg har vore vaskehjelp og teatersjef samstundes meir enn éin gong.

Særleg før revyar og Fritio sto det ekstra på. Å jobba kveld og natt til tidleg morgon for å få seg nokre timar søvn før ungane skulle sendast på skulen, for så å gå ned igjen å jobba vidare, dei frivillige i dei to laga hadde verkeleg eit eigarforhold Fjellheim.

– Vi er mange som har hatt stått på for å halda huset i drift opp gjennom åra, samhaldet og stå-på-vilja var heilt utruleg.

– Vi er også stolte over Fjellheim. Den gong det blei bygd var det eit stilreint bygg, den flottaste bygningen i Os, syntes vi. Arkitekt Johan Lindstrøm, som også teikna det som no er Tanngarden, teikna Fjellheim som blei opna etter gamle-Fjellheim brann ned i 1936.

Ikkje plass til alle

Det har mange folksame dagar og kveldar i Fjellheim, frå opninga i 2011 til opninga i 1938, til dansane på 60- og 70-talet til konsertane og kino, som i mange år var eit populært tilbod heile tre dagar i veka.

Men på festen laurdag 28. mai er det truleg ikkje plass til alle som vil ha billett.

– Sidan vi skal ha trerettars middag har vi berre plass til 150 personar. Billettane blir lagt ut for sal på Galleri Oz førstkomande fredag og då er det dei som er raskast som klarer å sikra seg plass, seier Mette Samdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.