Sport | 15. sep. 2014

Heldt heilt inn

Handballherrene til Os fekk ein god start på sesongen då dei slo Kjøkkelvik 2 på bortebane søndag.

Heldt heilt inn
Peder Lyssand (16) debuterte frå start og viste at han er ein spelar Os vil få mykje glede av i sesongen som no er i gang. (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 15. sep. 2014 06:47

Bildeserie:

Fredrik Andresen skåra eitt (foto: AH)
Fredrik Andresen skåra eitt (foto: AH)
I mangel på trenar tok Hans Brunvatne ansvaret som spelande lagleiar (foto: AH)
I mangel på trenar tok Hans Brunvatne ansvaret som spelande lagleiar (foto: AH)
Joakim Blostrupmoen putta fem (foto: AH)
Joakim Blostrupmoen putta fem (foto: AH)
Jørgen Wold skåra seks mål i seriepremiera (foto: AH)
Jørgen Wold skåra seks mål i seriepremiera (foto: AH)
Nils Andris Hamre skåra fire frå strek (foto: AH)
Nils Andris Hamre skåra fire frå strek (foto: AH)
Då geipen hang halvvegs i andre omgang tok Hans Brunvatne timeout for å få oppatt humøret (foto: AH)
Då geipen hang halvvegs i andre omgang tok Hans Brunvatne timeout for å få oppatt humøret (foto: AH)
1 av 6

Herrelaget til Os Turn rykte ned frå 2. til 3. divisjon etter sesongen i fjor.

Etter at Jesper Svensson gav seg i Os har herrane stått utan trenar, så spenninga var stor før sesongpremiera borte mot Kjøkkelvik 2 sundag kveld.

– Vi var einige om at vi skulle gå utpå med seinka skuldre og berre ha det kjekt.

– Det klarte vi i store delar av kampen, fortel veteran Trygve Lerch Dahl.

Sette forsvaret

At det var lenge sidan førre kamp var tydeleg. Heile fem minutt gjekk det før Os, som første lag, fekk ballen i nota då Joakim Blostrupmoen satte inn ei kontring.

Bakover var det tydeleg at Os ikkje ville gje ved dørene. Os sette opp eit aggressivt forsvar og sleppte inn berre tre mål på dei første femten minutta.

– Vi var einige om å stå i eit 6-0-forsvar med støtande trearar. Det tykkjer eg vi lyktes godt med, fortel Hans Brunvatne, som hadde tatt på seg oppgåva som spelande lagleiar.

Mista humøret

Os heldt trøkket og humøret oppe gjennom heile første omgangen og kunne gå til pause med leiing 15-10, noko som dei om lag 15 tilskoderane som hadde tatt turen frå Os til Olsvik let seg imponera over.

I andreomgangen kjem heimelaget Kjøkkelvik best i gang og 10-15 blir til 17-18 etter åtte minutt. Deretter følgjer dei to laga kvarandre tett, og det er tydeleg at Os mistar litt av humøret, noko som synast att både framover og bakover på banen.

– Halvvegs i omgangen tek vi timeout.

– Det einaste vi snakkar om er å få tilbake humøret. Vi måtte rett og slett minna kvarandre på kva vi var einige om før kampen, nemleg at vi skulle ha det kjekt.

– Sjølv om det blir tett heilt inn, så vinn vi nettopp fordi vi klarer å halde humøret og innsatsen oppe heilt inn, forklarar Bruvatne.

Debutant imponerte

Ein av dei mange som imponerte var debutanten Peder Lyssand (16).

– Peder, til liks med dei to andre unggutane Nils Andris Hamre (17) og Sivert Egge Drange (17), imponerar meg i dag.

– Dei står fram, tek ansvar og viser musklar.

– Dette var ein lagsiger kor alle står saman og tek ansvar, oppsummerer Brunvatne.

Kjøkkelvik2 - Os 26-27 (10-15)
Utv: Kjøkkelvik 3x2 min, Os 4x2 min
Os sitt lag (mål i parentes): Andreas G. Sennevik, Hans Brunvatne, Håvard Bjørnør, Trygve Lerch Dahl (7), Jørgen Wold (6), Joakim Blostrupmoen (5), Fredrik Andresen (1), Nils Andris Hamre (4), Sivert Egge Drange (1), Peder Lyssand, Mats Brunvatne, Isak Røen (3).

Allereie onsdag speler Os ny bortekamp, då mot veteranane i Norrøna.

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.