Kultur | 21. des. 2014

Helg etter helg etter helg

Utelivet i Os i jula: Den første helga i juleferien er over, men no kjem fire «helger» til før ferien er over.

Helg etter helg etter helg
F.v.: Steinar Lyssand lager romjulsblues laurdag i romjula, Svein Erik Gabrielsen og Verdiløse Menn speler i Ljosheim same kveld og HM Johnsen lager fest på Solsiden 1. juledag. (Foto: KVB)
Kari M. Lyssandsøndag 21. des. 2014 21:36

Mange av osingane liker å bruke romjula til å treffa kjente og kjære i ulike sosiale lag.

Med jul og nyttår midt i veka er det duka for ekstra mange livlege kveldar i Os sentrum og rundt om i bygda.

Er du usikker på kva de skal finna på kan kanskje denne oversikta vera til hjelp.

1. juledag: Torsdag 25. desember

Juletrefest på Solsiden. Show med HM Johnsen og fleire gjestar.

– Eg har med meg både Johnny Berven, Trubadur Drank og ei og anna overrasking, seier gitartalentet Hans Marius Johnsen.

– Møt tidleg! Sidan det er første juledag tar vi omsyn og konserten varer berre frå klokka 22 til 23. Men etterpå kjem DJ Osablod og speler alle platene du treng å høyra denne jula, seier Tore André Sagstad.

Catten Nightclub opnar dørene klokka 22.00 første juledag, Bar(t) opnar klokka 18.

Denne kvelden er det også tid for den årlege juladansen i ungdomshuset i Søre Øyane. Dørene opnar klokka 21.00.

2. juledag: Fredag 26. desember

Catten Nightclub er klar med romjulsquiz. Temaet er quizmix med 5 spørsmål i 8 kategoriar. Dørene opnar klokka 20.00 med quizstart klokka 21.00. Etter quiz blir det nattklubb.

Søre Neset ungdomslag inviterer kjente og ukjente til pubkveld i ungdomshuset på Haugland. Johnny Olsen-band speler opp til dans frå klokka 21.00.

Solsiden opnar klokka 13 for å visa fotball på dagtid. På kvelden om fredagane er det vanlegvis pianobar på Solsiden, men denne fredagen blir det DJ Osablod som styrer musikken, for andre kveld på rad.

Bar(t) opnar klokka 18.

Laurdag 27. desember

Det blir romjulsblues på Peppes Pizza og Bar(t) denne laurdagen.

I år kjem det gjestar frå Os og Bergen: Tone Lise Moberg, Ole Amund Gjersvik, Kurt Røttingen, Steinar Lyssand og Dag Bergesen blir akkompagnert av Kai Taule på bass og Magne Trengereid på trommer. Blueskvelden startar klokka 20.00.

CJ Marvin og Miss Molly er igjen klar for å spele låter på Solsiden.

I Lysefjorden blir det Romjulsrock i ungdomshuset Ljosheim med Verdiløse Menn, Golvkaldt, Rivalene, M n M og Leonberger. Dørene opnar klokka 20.00.

Catten Nightclub er klar med nattklubb fra klokka 23.00.

Nyttårsball: Onsdag 31.12

For første gong inviterer Catten Nightclub til nyttårsfest.

Det er 18 år aldersgrense denne kvelden og dørene opnar klokka klokka 23.00.

Fotball før og etter nyttår

I romjula og første nyttårsdag er det fleire kampar som er verdt å sjå på storskjerm.

Solsiden opnar tidleg både 2. juledag (kl 13), måndag 29.12 (kl 15), 1. januar (kl 13), fredag 2. januar (kl 15) og laurdag 3. januar (kl 12) for å visa premier League og andre kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.