Kultur | 24. apr. 2015

Heltar for store og små

Sundag er Bygdekinoen i Os med nye filmar om heltane Asterix og Obelix og Thor, Iron Man og resten av gjengen frå The Avengers.

Heltar for store og små
Asterix: Byplanleggeren, Foto/Copyright: SF Norge AS. Avengers: Age of Ultron, Foto/Copyright: Jay Maidment..Marvel 2015
Kari M. Lyssandfredag 24. apr. 2015 06:54

Heltar må sloss for å redde byar og verda i begge filmane som blir vist i Oseana sundag.

Då kan du sjå Asterix: Byplanleggeren og Avengers: Age of Ultron.

Asterix: Byplanleggeren

Asterix sin erkefiende er igjen ute med skumle planar, men denne gong med ein ny vri. Cæsar vil kvitte seg med Gallerane ein gong for alle, men staden for å sloss vil han no bekjempa gallerane ved å få sivilisasjonen inn i landsbygatene.

Rundt Asterix sin landsby byggjer romerane eit nytt Roma som blir kalla Urbania. Her blir Gallerane pressa til å anten tilpassa seg eller forsvinna. Sjølv om Asterix og Obelix har planar om å stoppa utbygginga så dukkar dei nye husa raskt opp og romerane startar roleg med å invadere Gallerane sitt område. Dette fører til kaos i landsbyen - kan dette endeleg bety siger for Cæsar?

Filmen startar klokka 16 og er utan aldersgrense.

Avengers: Age of Ultron

Sundag kann ein få oppleva den episke oppfølgaren til den største superheltfilmen gjennom tidene i Oseana.

Når eit fredsbevarande program, som Tony Stark prøvde å kick-starte, går gale, får jorda sine mektige heltar Iron Man, Captain America, Thor, Hulken, Black Widow og Hawkeye den ultimate testen når planeten si skjebne heng i ein tynn tråd.

Den onde Ultron dukkar opp og då er det opp til The Avengers å stoppa han frå å gjennomføra dei grusomme planane hans.

I rollene finn vi blant anna: Robert Downey Jr, Chris Hemsworth, Mark Ruffalo, Chris Evans, Scarlett Johansson og Jeremy Renner.

Filmen startar klokka 19 og har 11 års aldersgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.