Lokal | 23. mai 2017

Hengande hageglede mot fjorden

Imponerande klematis strekk seg over tre etasjar i Vindu mot Fjorden.

Hengande hageglede mot fjorden
Klematisen snor seg rundt rekkverket i tredje høgda på Vindu mot Fjorden (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 23. mai 2017 07:19

Bildeserie:

Bort etter rekkverket klatrar klematisen (foto: AH)
Bort etter rekkverket klatrar klematisen (foto: AH)
Rosa og fin blømer den med fjorden i bakgrunn (foto: AH)
Rosa og fin blømer den med fjorden i bakgrunn (foto: AH)
Klematisen blei planta på bakken, men strekk seg no heilt opp til tredje høgda (foto: AH)
Klematisen blei planta på bakken, men strekk seg no heilt opp til tredje høgda (foto: AH)
1 av 3
Bort etter rekkverket klatrar klematisen (foto: AH)
Rosa og fin blømer den med fjorden i bakgrunn (foto: AH)
Klematisen blei planta på bakken, men strekk seg no heilt opp til tredje høgda (foto: AH)

I disse dagar feirer sameiet Vindu mot Fjorden 10-årsjubileum. Like gamal er klematisen som strekk seg frå bakken til verandaene i tredje høgda.

– Den er så flott og eg gler meg like mykje kvar vår når den blømar, fortel Jorun Færøy.

Blomane blei i følgje Færøy planta av utbyggjar då leiligheitskomplekset sto ferdig.

– Eg er veldig glad naboane lengre nede ikkje har klypt den, men latt den vakse seg stor gjennom desse åra.

– Det å sitta på verandaen for å sjå både på klematisen og utover fjorden er eit fantastisk skue, smiler Færøy.

Klematis (Clematis) tilhøyrer Soleiefamilien (Ranuculaceae) som omfatter omlag 1500 artar fordelt på 50 planteslekter. Andre kjente artar er til dømes smørblomst, blåveis, kvitveis, ballblom og trollbær.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.