Sport | 14. aug. 2014

Henta fire nye spelarar

Lysekloster, som har mista to angrepsspelarar i sommar, har no styrka stallen med gutar frå blant anna Åsane og Fredrikstad.

Henta fire nye spelarar
Oppe frå venstre: Thomas Helland og Endre Hansen, nede frå venstre; Mathias Fløtaker og Oscar Lopez Borgersen. (Foto: Dagfinn Breivik/Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. aug. 2014 13:21

Kim Kleivedalen har gitt seg og Ramo Racic har tatt pause frå fotballen, men Lysekloster har fått fire nye spelarar på plass.

– Er vi heldige er alle fire klare til helga, seier trenar Torbjørn Birkelund.

Dette er dei fire nye spelarane:

Thomas Helland (20), som debuterte mot Os søndag, er på lån frå Åsane ut sesongen. Thomas er angrepsspelar og kjem til å spela spiss for Lysekloster.

– Han ventar vi oss mykje av. Thomas har allereie vist mykje bra på trening og er ein spelar som det er mykje trykk i.

Endre Hansen (36) har signert kontrakt ut året. Endre er også angrepsspelar og blir mest brukt på kant.

– Endre er ein erfaren mann som i år har spelt futsal. Via trenarkollgaen min Øyvind Olsen, som også er aktiv i futsal, har vi vår har vi blitt kjent med Endre, som tilfører bra med rutine til laget.

Oscar Lopez Borgersen (19) kjem frå Fredrikstad til Lysekloster og har signert kontrakt ut året. Oscar er midtbanespelar og har spelt på Fredrikstad 2 i 3. divisjon i vår, der han skåra i serieopninga og har ftt mykje speletid.

Mathias Fløtaker (19) spelte for Fredrikstad 2 i fjor og har i vår spelt i 3. divisjon for ein annan klubb. Mathias speler midtbane og midtstoppar.

– Vi har eit bra kontaktnett og blei tipsa om desse to talentfulle ungdomane, som skal studera på NHH og UiB frå hausten av. Dei held allereie eit godt nivå, men vi har også eit langsiktig perspektiv om dei trivst og vil forlenga med oss når året er omme.

– Trengte påfyll

Birkelund er glad for at stallen no er noko utvida i Lysefjorden.

– For det første så mista vi to spelarar, for det andre treng vi auka konkurranse om plassane.

– No blir det ikkje berre konkurranse om å vera med i startellevaren, men om å koma med i troppen.

– Dessutan får det unge andrelaget no fleire frå A-gruppa med i troppen sin frå kamp til kamp. Lysekloster 2 har klart seg bra, men set nok pris på å få fleire å ta av frå kamp til kamp.

Lysekloster har også, som dei såg koma før sesongstart, mista keeper Henrik Mjelva og fått tilbake keeper Kjetil Hansen.

Lysekloster speler borte mot Varegg laurdag, Lysekloster 2 speler heime mot Tornado Bergen onsdag om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.