Sport | 12. aug. 2017

Henta seg inn igjen - avga poeng

Os snudde kampen borte mot Fjøra, men det blei ikkje full pott.

Henta seg inn igjen - avga poeng
Erik Kanestrøm, her heime mot Fjøra, skåra to mål på bortebane. Det var ikkje nok til siger. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. aug. 2017 15:01

Os spelte i dag bortekamp mot Fjøra. Fjøra ligg på botnen av tabellen, men dei har spelt uavgjort mot både Brann 2 og Haugesund 2, og hadde berre tapt 3 av 6 heimekampar før møtet med Os.

På heimebane leia Os 3-0 og vann 5-3, i dag hamna Os under etter tre minutt. http://www.midtsiden.no/total-dominans-av-os

Men Erik Kanestrøm gjorde som i heimekampen mot Fjøra, skåra to mål og gav Os leiinga 1-2.

Mellom 1-1 og 1-2 missa Os på straffe. Os gjekk i leiinga i 70. minutt, men i 81. minutt sto det igjen likt, 2-2.

Os lykkast ikkje i å skåra fleire mål, men unngjekk gule kort på Divaldo, Torkel og Rafael, som alle risikerte å måtta sone karantene i neste runde.

Os sin neste kamp er derby mot Lysekloster, direktesendt på Eurosport, på Kuventræ søndag 20. august.

Fjøra - Os 1-2 (1-1)
Målskårar, Os: Erik Rubach Kanestrøm (1-1 i 23. og 1-2 i 70.)
Os: Thomas Hille - Endre Brenne (HB), Ole Martin Kolskogen (MS), Divaldo Cardoso (MS), Knut Haga (VB) - Hassan El Fakiri (SM), Rafael Villén (SM), Torgeir Lunde (SM).
Torkel Hjertnes (HK), Erik Rubach Kanestrøm (VK) - Christoffer Hafsås (S)
Innbytarar med speletid: Anders Havsgård for Brenne (67.), Steffen Ljosheim for Hafsås (70.), Øystein Takle Eide (for Hjertnes i 70.), Enrique Crespo Søvik for Kanestrøm (80.), Glenn Krossøy for Kolskogen (83.),
Kort: Glenn Krossøy (gult, 90.)

Os ville ha klatra frå 9. til 7. plass med siger i dag, men blir verande på 9. plass, tre poeng bak Fyllingsdalen på 6. plass.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.