Kultur | 18. apr. 2017

Hentar verdskjent trio

Direktør Ole Tobias Lindeberg hentar laurdag den verdskjende norske trioen Grieg Trio til Oseana. – Vi skal levera topp kvalitet, slår han fast.

Hentar verdskjent trio
Grieg Trio spelar i Griegsamlingen laurdag (pressefoto: Nikolaj Lund)
Andris Hamretirsdag 18. apr. 2017 10:51

Laurdag kjem Grieg Trio til kammerkonsert i Griegsamlingen. Grieg Trio vart danna i 1987 av Vebjørn Anvik (klaver), Sølve Sigerland (fiolin) og Ellen Margrete Flesjø (cello) og består i dag av dei same musikarane som den gong, noko som truleg også er årsaka til den posisjon ensemblet har opparbeida seg som ein internasjonalt leiande klavertrio.

– Grieg Trio er noko av det maksimale ein kan komma til når det gjeld kvalitet innan den klassiske sjangeren. Eg er veldig glad for at vi, i samarbeid med Bergen Kammermusikkforening, har klart å få dei til Oseana, seier Ole Tobias Lindeberg, direktør på Oseana.

Skal vera breidde i programmet

Kammerkonsertane i Oseana trekk nok ikkje 500 tilskodarar, men nærmar ein seg 100 er direktøren særs nøgd.

– Vi skal ha ein bredde i programmet vårt, og vi skal levera topp kvalitet, anten det er Sivert Høyem eller som på laurdag Grieg Trio.

– Folk skal vita at konsertane vi leverer, også i dei litt smalare segmenta, er av toppkvalitet. Eg håper vi skal komma dit at folk tenkjer at "dette har eg lyst til å få med meg. Eg veit ikkje kva eg går til, men eg er trygg på at det er bra", forklarar Lindeberg.

Uformelt og tilgjengeleg

Direktøren er oppteken av å understreka at sjølv om det er ein klassisk konsert, så treng ein ikkje dressa seg opp.

– Her er det ikkje snakk om å måtte kle seg i kjole og kvitt, men komma som ein er. Det skal vera heilt uformelt, men tilgjengeleg, for alle.

Kunstneriske leiarar

Grieg Trio sitt internasjonale ry er basert på ein serie innspelingar på SIMAX, Virgin Classics og EMI med verk av Beethoven, Mendelssohn, Schumann, Brahms, Dvorak, Tchaikovsky, Smetana og Sjostakovitsj. Men og ved sin turneverksemd i store internasjonale fora som Wigmore Hall, Châtelet i Paris, Berlin Konzerthaus, Amsterdams Concertgebouw, Sale Verdi i Milano og New Yorks Weill Hall Carnegie Hall.

Dei har òg motteke ei rekkje prisar for sitt spel, frå den høgthengande britiske Parkhouse Award, som opna moglegheita til ein serie konsertar i London, 1. Pris i Colmar Internasjonale Kammermusikk-konkurranse i Frankrike 1989 og til den norske Spellemannsprisen for beste klassiske innspeling av Dvorak sine klavertrioar i 2004.

– Grieg Trio har tidlegare vore kunstneriske leiarar av den velrenomerte Stavanger Internasjonale Kammermusikkfestival. I Griegsamlinga vil dei framføra Beethoven Variasjoner i G-dur op. 121b, Sjostakovitsj Trio nr. 1 og 8 og Schubert Trio nr. 2 i Ess-dur op 100, avsluttar Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.