Sport | 12. des. 2017

Her blir det storskjerm

Om Emilie Christensen og handball-landslaget tek seg til VM-finalen.

Her blir det storskjerm
På gulvet bak arrangementsansvarleg Tore Hisdal blir det storskjerm om handballjentene tek seg til VM-finalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 12. des. 2017 16:49

Enno er det eit par hindre dei norske handballjentene skal over før dei eventuelt står i VM-finalen, men klarer dei å slå Russland onsdag klokka 2030 og Tsjekkia eller Nederland i semifinalen fredag står Os handball klare til å vise finalen gratis på storskjerm i Oshallen.

– Det er ikkje kvar dag det er ein spelar frå handballmiljøet i Os som speler VM-finale. Det er klart at vi må samla alle handballinteresserte i hallen til ei felles oppleving når vi skal heie Emilie og dei andre jentene fram. Det er mykje kjekkare å gjera det saman enn kvar for oss heime i stova, seier Rebecca Lerch Dahl, leiar i Os handball som oppfordrar laga om å stilla samla med heiarop og drakter.

Betyr mykje for klubben

Lerch Dahl seier det betyr mykje for handballmiljøet i Osbygda at ein no har ein landslagsspelar som starta karriera si i Oshallen.

– Det Emilie har gjort viser at det går ann å koma frå ein relativt liten plass og nå opp til landslaget om du er villig til å gå stega og trene hardt. Det er ikkje berre ein draum om du er flink og har lyst til å gjera det som skal til.

– For spelarane våre betyr det mykje å sjå at det er mogleg. Det er utruleg motiverande. Då skulle det berre mangla at ikkje vi som klubb støttar opp og legg til rette for å dele handballgleden det er å sjå ein VM-finale med Noreg saman. Det å skapa eit fellesskap rundt ein VM-finale er viktig for at fleire har lyst til å halde på lengre og kanskje ta dei same stega som Emilie har gjort.

Velvilje frå fleire

I helga er det eigentleg gradering i karate i Oshallen, men handballgruppa har fått lov til å koma inn litt tidlegare for å starte rigginga til storskjermen på 6 x 5 meter.

– Både Osbadet og karateklubben har vore veldig velvillige for at vi skal få dette til. Rett nok så forutset det heile at Noreg går til finalen. Om det blir bronsefinale, så rekk vi dessverre ikkje å rigga klart, så då blir det diverre ikkje arrangement. Men vi heier på jentene og håper dei tek seg til finalen. Noko anna har vi ikkje planer om.

– I hallen blir det i tillegg open handballkiosk med pølser, kaker, kaffi og drikke. Kjem handballjentene seg til finalen, så er det berre å kle seg i raudt, ta med flagg og renske stemmen, avsluttar Lerch Dahl.

Om Noreg ikkje tek seg til finalen blir det ikkje noko av fellesarrangementet i Oshallen.

Fantastisk tiltak

Emilie sin far, Lars Christensen, har høyrd rykter om storskjerm heilt til Leipzig kor han saman med resten av familien fekk med seg åttandelsfinalen mot Spania måndag kveld.

– Det er eit fantastisk tiltak, no må berre jentene fullføre to kampar til med same innsats som mot Spania så er dei på storskjerm i Oshallen på søndag, skriv Christensen i ei melding til Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.