Lokal | 21. juni 2015

Her er fyrverkeriet som gjekk i lufta i går

VIDEO: Sjå pyroteknikar Ole Marius Røttingen fortelja om arsenalet han fyrte av etter bryggedansen – og sjølve fyrverkeriet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. juni 2015 07:24

Også årets bryggedans på Os Sjøfront blei ein folksam suksess – runda av med fyrverkeri frå Os' mest eksplosive søner, brørne Ole Marius og Fredrik Røttingen frå Pro Pyro.

– Det gjekk tre timar å slepa flåten frå Øyane til Os, fortel Ole Marius, før han viser røyr frå røyr mellom eit spagghetti-nettverk av tynne leidningar.

– Alt blir fjernstyrt og er kopla elektronisk. Om noko går gale, eller om vi vil hoppa over delar av fyrverkeriet, kan vi enkelt styra det frå båten.

Smell til 30.000

Årets bestilling var noko redusert, frå 40.000 kroner etter bryggedansen i fjor til 30.000 kroner i år.

– Då får ein del krut for 30.000 òg?

– Det er frå 30.000 og oppover det verkeleg byrjar å bli gøy, men ja, det blir litt meir enn ei nyttårsaftan heime i hagen, seier Røttingen.

Sjå òg: Video frå fyrverkeriet under bryggedansen i fjor, nyttårsaftan i Øyane i ved inngangen på 2015 og 2013, der privat spleiselag får Pro Pyro til å skyta opp år etter år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.