Næringsliv | 02. apr. 2014

Her er Garvik sin nye katamaran

Hargun-medeigar Jonny Garvik selte nyvinninga MS «Tørris», men var rask med å bestilla seg ei ny, og forbetra utgåve av den spesielle arbeidsbåten.

Her er Garvik sin nye katamaran
MS «Tørres» klappa til kai på Sundøy søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. apr. 2014 06:48

Bildeserie:

Tørres har tre skrog, men berre éin motor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tørres har tre skrog, men berre éin motor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Til kai i Hargun si hamn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Til kai i Hargun si hamn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Reiar Jonny Garvik har fått ein G bakpå styrehus-stolane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Reiar Jonny Garvik har fått ein G bakpå styrehus-stolane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystein Nøss (t.v.) og Bjarte Sandtorv gjekk med båten heim frå Polen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystein Nøss (t.v.) og Bjarte Sandtorv gjekk med båten heim frå Polen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Båten er éin meter breiare enn forgjengaren Tørris. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Båten er éin meter breiare enn forgjengaren Tørris. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Breiare og større dekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Breiare og større dekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tørres har større kran enn Tørris. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tørres har større kran enn Tørris. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Byssa med ein av dei to lugarane i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Byssa med ein av dei to lugarane i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Simen Solbrekk var ein av fleire gjestar dei første dagane etter ankomst. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Simen Solbrekk var ein av fleire gjestar dei første dagane etter ankomst. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 9

Med tre skrog og berre éin motor var MS «Tørris» den første av sitt slag då Jonny Garvik, som sjølv har kome med ideen og spesifikasjonane til det polske verftet, fekk katamaranen til kai på Sundøy hausten 2011.

Les òg: – Den første i sitt slag

– Med tre skrog er båten stiv og stabil, med éin motor er den både billig i drift og utan propellar på hjørna, noko som kan vera til bry når du jobbar oppunder oppdrettsanlegg, forklarer Garvik frå J Garvik AS om bestillinga.

Han kom raskt i oppdrag med Tørris, men fekk også raskt eit akseptabelt bod på båten. Allereie mai 2012 var Tørris selt og går no i jobb på kontrakt med eit selskap i Molde.

– Eg bestilte ny med ein gong. Det var litt av ideen dette, å utvikla ein god arbeidsbåt og gjerne bygga fleire.

Tørris og Tørres

– Det sto feil på gravsteinen, seier Jonny, og humrar litt før han legg til:

– Båten er oppkalla etter bestefaren min. Han heitte Tørres, men det står Tørris på steinen hans.

– Når vi no skulle bygga ny båt ville vi gjera nokre justeringar, gjera ting betre. Det gav også utslag i namnet, som no er rett.

Den første katamaranen, som heitte Tørris, er døypt om til Boris.

Breiare og betre

Både Tørris og Tørres er tett oppunder 15 meter lang og nesten kvadratisk, men nyebåten Tørres er éin meter breiare, 12 meter i breidda.

– Vi har fått litt meir plass på dekk og breiare styrehus, med plass til ein ekstra stol ved styrmannen.

– Dei to ytste skroga er feitare og båten har meir oppdrift framme på dekk enn den førre. Også kranen er noko kraftigare, fortel Garvik om Tørres.

Knirkefri heimreise

Jonny og sonane har hatt ei rekkje turar til Polen i byggeperioden, men til å gå med båten heim fekk Garvik-gutane hyra inn Øystein Nøss og Bjarte Sandtorv.

– Eg har selt det eg hadde av båtar, og eg har berre hatt gamle skuter. Det var fantastisk å reisa med ein båt der eg ikkje trengte å skru, seier Nøss.

Sandtorv, som er medeigar i to fiskebåtar, er også nøgd med turen frå den polske byen Swinoujscie, nær grensa til Tyskland, og heim til Os. Turen starta torsdag, søndag formiddag klappa dei til kai på Sundøy.

– Det var blikkstille over Skagerrak og strålande sol heile vegen.

I oppdrag

– Kva med kundane? Er det ikkje negativt å brått få opphald for å venta to år på ny båt?

– Marknaden er no den, der. Det er alltid behov for ein god arbeidsbåt og det har vore ein del telefonar no når det har nærma seg levering av ny. Investeringa er også litt for at gutane (sonane Jonn og Hans-Gustav) skal ha noko verdifullt å gjera på når dei ikkje er på fiske.

Midtsiden var om bord tysdag og då hadde Tørres allereie vore på første oppdrag.

– Den blir ikkje selt første året denne òg?

– Tja, du veit aldri. Det hadde vore kjekt å bygga ein til. Men i utgangspunktet skal vi ha denne sjølv ei god stund, seier Jonny Garvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.