Kultur | 01. aug. 2015

Her er Os-songen

Video: På Osfest mellom DeLillos og Kurt Nilsen fekk publikum høyra og sjå ein ny versjon av Song til Os (Os-songen). Her ser du musikkvideoen.

Andris Hamrelørdag 01. aug. 2015 21:13

I mai blei det kjend at Carina Blålid hadde fått med seg ei rekkje musikarar og artistar frå Osbygda for å spela inn ein den kjende og kjære Os-songen på nytt. Under Osfest laurdag fekk publikum sjå og høyra det endelege resultatet etter ein intens sommar med innspeling av både musikk, song og bileter.

– Eg er veldig nøgd med resultatet. Det er så utruleg masse flinke folk, strålar Blålid.

No kan du også få sjå og høyra hyllesten til Os i videobilete over.

Vil visa den vakre bygda

Bak videoen til songen står Rolv Lyssand Bjørø i samarbeid med Anders Fløysand i Varde Solutions.

– Vi har freista å vise så mykje som mogleg av den vakre bygda vår, men det har ikkje vore plass til alt. Men vi kjem fram til å fortsetta å filma flotte plassar rundt i Os. Om det er nokon som har plassar dei meiner vi burda ha filma, så er vi særs takknemlege for å få tips om det. Vi ønskjer å byggja opp eit arkiv over vakre Os, fortel Anders Fløysand.

Desse har medverka

Prosjektleder Carina Blålid
Regissør Rolv Lyssand Bjørø
Cinematograf Ander Fløysand
Lydinnspillingsleder Vegard Skorpen
Dronepilot Øystein Skorpen
Lydprodusent Tomtom Thomas Haugland
Korarrangør Myrna Braza

Band
Piano Jon Søfteland Sæbø
Kontrabass Ole Amund Gjersvik
Elektrisk gitar Steinar Lyssand
Saxofon Svein Atle Breistein
Dobro Ole Reinert Berg-Olsen
Aukustisk gitar Vegard Skorpen
Harding fele Tord Søfteland
Trommer Magne Lunde
Perkusjon Kjetil Osablod Grønvigh
Munnspill Olav Skorpen
Tambourine Thomas Haugland

Soloartistar (og forteljarstemme): Gina Aspenes, Ole Reinert Berg-Olsen, Leif Østrem, Selma Fosså Bunæs, Eirik Søfteland, Anne Solberg Andersson, Fredrik Dahle Kristiansen, Eva Therese N. Myrdal, Tone Lise Moberg, Åsmund Lien, Marie Bruarøy, June Strønen, Carina Blålid, Olav Skorpen, Ada Keita Hansson.

Kor: Myrna Braza, Ada Mathilde Keita Hansson, Eva Therese N. Myrdal, Tor Espen Skoglund, Hans Marius Johnsen, Monica Solheim, Selma Bunæs Fosså, Annie Sunday, Paulina Sandra Janukiewicz, June Strønen, Oda Hjelle Skorpen, Øystein Skorpen, Vegard Skorpen.

Barnekor: Sara Skåthun, Sara Wiers, Melina Solvang, Elias Drange Blålid, Nicolas Drange Blålid, Sina Larsson Henne, Kaia Larsson Henne, Karl Ludvik Tøsdal, Finn Færøy, Lena Wik, Ida Årdal, June H. Valle, Nora Johannesen, Leah Johannesen, Sol Skorpen, Frida Skorpen, Daniela Styve Kallekleiv og Lana Styve Kallekleiv.

Takk til Os kommune, Terje Søviknes, Vidar Langeland, Oddmund Lunde, Liv-Randi Lind, Andris Hamre, Bergliot Lyssand, Lars Skorpen, Anne Søfteland, Marius Neset, Harald Lyssand, Eldbjørg Lyssand, Lucas Liam Blålid, Cassandra Louise Solheim, Elin Laia, Sonja Helen Eivindson.

Song til Os (Os-songen)

Tekst: Nils Tveit
Melodi: Henrik Lyssand

Det ligg ei bygd millom fjordar og fjell,
den vænaste nokon kann sjå.
Den fagre bygdi me kjenner so vel,
og henne held me ut'å.
Me kjenner kvar gard og me kjenner kvar grend,
og folket som bur der i dal og på strend.
For oss ligg den bygdi i strålande ljos,
for det er vår heimbygd: Os!

Som hovding i bygdi sit Møsnuken grå
og ser over grenderne ut.
Men Lyshorn stend ikkje langt der ifrå,
det er so fager ein gut.
Stor-Svinningen, Reinfjell og Gråfjell so traust
stend skume og svarte og skodar mot aust,
men Store-varde ser ut i vest
som vaktmann mot ufredsgjest.

Her Osdalen breider seg skoggrøn og fin
frå "Øyro" til Raudliskard.
Her Nesjane lyser og Solstrandi skin
med grender og gard etter gard.
Her Hegglandsdal gjøymer seg burt under lid,
og Øyane voggar i vestanvind blid,
men utanfor alle, med havdyn og makt
gjeng Krossfjord og Bjørnafjord vakt.

Men Lysefjord smyg seg frå brotsjø og brann
og stoggar so mild og blid,
der stordomsminne han syna oss kann
frå gamall og nye tid:
Der Runolv han reista til æra for Krist
og heider for kyrkja sitt kloster for visst,
der Lysøy ho strålar som glimande gull
med minnet um vår Ole Bull.

Me elskar den bygdi som var og er
vår lengting kva leid me fôr,
og alltid ho vert oss meire kjær
med heimen og heimsens jord,
med vollar og bakkar og åker og eng,
og skogen som sveiper si kåpa ikring.
Dei alle syng oss det same ord:
Her trør me på heilag jord!

Her far hev stræva og rydja og bygt
i truskap mot heim og land.
Her mor hev varna oss alle so trygt
og teke oss trufast i hand.
Her ætt etter ætt hev gjenge i grav,
og lagt seg til kvild etter strider og kav.
Me takkar dykk alle, de ættar som fôr,
me signar dykk far og mor!

Vår heimbygd, du stend som den vænaste brud
med høgtidsbunaden på.
Gjev lukka i livet, du Allheims Gud,
so framgang me stødt må sjå.
Gjev signing og sæla til bygdi vår,
so fagrar' ho blømer år etter år,
lys fred over folket og før du deim
på veg til din himmelheim!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.