Kultur | 25. mai 2010

Her er Oseana-direktøren

I dag blei det kjent kven som får jobben som direktør for Oseana.

Her er Oseana-direktøren
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. mai 2010 10:50

Styret for Oseana KF har valt blant 23 søkjarar, 8 kvinner og 15 menn, og i førre veke blei det avgjort kven som får direktørstillinga i kunst- og kultursenteret.

Les òg:
- Vil bli ein del av Os
Desse vil bli direktør

Styret venta til i dag med å offentleggjera namnet, slik at den nytilsette fekk tid til å informera sin noverande arbeidsgjevar. Arbeidet med å velja kandidat skulle vore ferdig til kommunestyremøtet 28. april, men styret trengte meir tid.

Oseana KF tilsette 18.mai Kim Kristoffersen som senterets første direktør, skriv Terje Søviknes i ei pressemelding i dag.

Kim Kristoffersen er 36 år, busett i Bergen og er no tilsett som produksjonsleiar i eventselskapet Possibility AS. Han er utdanna innan hotellfaget, og har ein Bachelorgrad i leiing og økonomi frå Swiss School of Hotel and Tourism management i Sveits. Tidlegare arbeidserfaring er knytt til hotell- og reiselivsbransjen.

Kristoffersen var ein av dei fem søkjarane som sto som anonym då styret i mars gjekk ut med lista over søkjarar.

- Styret har hatt ei rekkje sterke kandidatar til vurdering, og er særs nøgd med at Kristoffersen takka ja til stillinga. Kristoffersen er ein ung og ernergisk leiar med relevant erfaring frå eventbransjen. Vi har fått rett mann på rett plass, uttalar styreleiar i Oseana KF Terje Søviknes.

Varsam start i juni
Hovudoppgåva for den nytilsette direktøren vert å byggja opp driftsorganisasjonen v/Oseana kunst- og kultursenter og førebu opninga av senteret i april/mai neste år.

Kristoffersen vil formelt ta til i stillinga 1.oktober, men vil allereie frå juni av vera engasjert i prosjektet ein dag i veka.

Samleside:
Alle Midtsiden sine saker om Oseana

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.