Fungerande dagleg leiar i Osbadet, Torbjørg Brattabø, fortel at mange strøymer til solsenteret og badet for å få ein smak av sommar (foto: Andris Hamre)

Til Kuventræ for å få sommar

Folk strøymer til Osbadet og solsenteret som aldri før.

image
Av: Andris Hamre

Trass omlegging av vegen og sprenging av tomta til den nye doble idrettshallen framfor inngangen strøymer sol- og badegjestar til Osbadet i sommar.

– Solsenteret går knallbra, vi slår fjoråret som bare det. Det er tydeleg at folk er svoltne på varme og sol. Dei solar seg som berre det.

– Juni var den nest beste månaden vi har hatt, berre slått av juli i fjor. Når eg ser på tala for dei 12 første dagane av juli i år, så ligg vi an til å slå rekorden frå i fjor, seier Torbjørg Brattabø, fungerande leiar i Osbadet.

500 fleire trass stenging

Med 10-12 grader i lufta og 15 grader i Bjørnafjorden føretrekk folk heller innandørs bading.

– Sjølv om vi hadde stengt ei veke på grunn av store vedlikehaldsoppgåver, kor vi mellom anna skifta lysa i hovudbassenget, så hadde vi 500 fleire betalande gjester i juni i år, samenlikna med i fjor, fortel Brattabø.

3500 betalande gjester var innom Osbadet i juni. I tillegg kjem dei som har adgang til badet gjennom medlemsskapet på Actic og liknande.

Nesten likt med rekordåret

I fjor satte Osbadet rekord med 6339 betalande gjester i juli.

– Det ser ut som vi ligg ganske likt med fjoråret, det er ikkje mykje som skil.

– Ein ting vi har lagt merke til er at folk kjem litt utpå dagen. Det kan vera at dei gjer det same som meg, ser på Yr og Storm og trur det skal bli bra vêr. Når dei så vaknar og ser at det ikkje blir som spådd så tek dei heller turen hit. 

Hovedtyngden av gjestar er barnefamiliar og eindel pensjonister.

– Men vi har forsåvidt alle aldrar som kjem. Wibiten har vi oppe kvar dag, og den er framleis populær, avsluttar Brattabø.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.