Lokal | 01. sep. 2017

Her kan du IKKJE stemma på valdagen

Reduserte frå 10 til 6 krinsar: Før måndag 11. september bør du finna ut kva som er ditt vallokale i år.

Her kan du IKKJE stemma på valdagen
14 % av dei røysteføre i Os har allereie gått til urnene. (Ill. foto: Kjetil V. Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. sep. 2017 08:44

– Det var tilfeldig at eg oppdaga at det sto Nore Neset som røystelokale. Stemmer dette? I så fall er eg overraska og litt skuffa, då reiser eg heller til rådhuset for å stemma på førehand, seier ein innringar frå Øyane.

I møte i Os valstyre i februar i år blei det vedtatt å gå over til elektronisk avkryssing i manntalet med verknad frå og med årets val. Det blei òg vedtatt å redusera talet på valkrinsar frå 10 til 6 i Os kommune.

– Det er litt synd om vi ikkje får resultat per krins, både for å samanlikna med tidlegare og for å sjå kva som betyr noko for innbyggarane ulike stadar i kommunen. Ikkje minst med tanke på brumotstanden i Øyane.

Også innbyggarar i Strøno (Nore Øyane) mister sjansen til å stemma i eigen skulekrins, og «øyfolket» er ikkje dei einaste som må finna seg ein annan plass enn i 2013 (og 2015).

Talet på krinsar er altså redusert, dette er endringane:
• Nore Øyane og Søre Øyane blir del av Nore Neset.
• Os Aust, Hegglandsdalen og Os Vest blir valkrinsen Os sentrum (eller berre Sentrum)

Her er dei nye, gjeldande valkrinsane:
Sentrum
Os Nord
Søfteland
Lysekloster
Nore Neset
Søre Neset

– Har fungert andre stadar

l 1979 stilte vallova krav om at det skulle vera røystegiving i kvar skulekrets. Sjølv om den formelle bindinga blei oppheva, har Os kommune hatt ei valkrinsinndeling som i all hovudsak er samanfallande med barneskulane sine opptaksområde.

Os kommune fryktar ikkje redusert valdeltaking etter reduksjonen i mengda valkrinsar.

– Valdeltakinga har ikkje gått ned andre stadar der tilsvarande har vore gjort, seier leiar for kommunikasjon og digitalisering i Os kommune, Simen Soltvedt.

Langope og laurdagsope på rådhuset

Det var opna for «tidlegrøysting» frå 10. juli og ordinær førehandsrøysting frå 10. august.

– Eg forstår at det kan vera litt sårt for dei som opplever at valkrinsen deira blir innlemma i noko større, men eg håper at alle likevel vil nytta røysteretten sin, seier Martha Heggland, leiar for internkontroll og dokumenthandtering i Os kommune.

På rådhuset utvider dei opningstidene for å bli meir tilgjengelege for førehandsrøysting.

– Vi har langope tre torsdagar før valet og to laurdagar, den første i morgon, frå 10 til 14.

– I tillegg har vi ambulerande røystegjeving på ei rekkje institusjonar, og heimerøysting for dei som ikkje kjem seg til eit vallokale.

Ved stortings- og sametingsvalet 11. september 2017 er vallokala i Os kommune opne frå klokka 10.00 til klokka 21.00.

1962 førehandsrøyster mottatt

Ved førre stortingsval kom 31 % av stemmene inn på førehand, 3.163 av totalt 10.220.

– Per torsdag ettermiddag var det kome inn 1.962 førehandsrøyster, fortel Heggland.

14 % av dei røysteføre i Os har altså allereie gjeve si stemme, og torsdag ettermiddag var det kø på kundetorget.

Samanlikning per krins?

Å sjå korleis folk stemmer per krins, og korleis dette endrar seg, kan vera interessant informasjon utover sjølve samla resultat.

– Blir dette framleis mogleg?

– At du kan lesa, og samanlikna, resultat per krins er ei sanning med modifikasjonar.

– Det er i teorien rett når det gjeld Lysekloster, Os Nord, Søfteland og Søre Neset. Men samtidig så kan du ikkje heilt stola på det, ettersom du kan røysta uavhengig av krins.

Ved å ta i bruk elektronisk manntal så kan du avgje røyst uavhengig av kva krins du tilhøyrer. Det kunne du for så vidt før òg, men då var det sterkt oppmoda å røysta i eigen krins.

– For oss blir det for eksempel spennande å sjå om Søfteland vil få fleire røystemottakarar av dei som pendlar til byn, og som køyrer forbi der, seier Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.