Lokal | 16. mars 2017

Her kjem skulen aust om elvo

Os kommune har signert opsjonsavtalen på kjøp av 33 dekar til skule- og oppvekstsenter på Hjelle.

Her kjem skulen aust om elvo
Desse 33 dekarane har kommunen inngått kjøpsavtale på for å bygga ny skule aust om elva (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. mars 2017 09:35

Onsdag signerte Os kommune og grunneigaren på Hjelle ei opsjonsavtale på kjøp av 33 dekar mark ved inngangen til Hegglandsdalen.

– Det er denne tomta ad-hoc utvalet som har jobba har peikt på som den beste og einaste eigna til formålet, så no blir det ei nyinvestering i ei ny Hegglandsdalen skule, sentralt plassert ved inngangen til dalen, fortel ordførar Marie Bruarøy (H).

Partane nøgde

Bruarøy fortel at både kommunen og grunneigar er nøgd med avtalen dei no har forhandla fram.

– Kan du seie noko om prisen?

– Eg har ikkje lyst å fokusera så mykje på den, men avtalen seier 150 kroner per kvadratmeter. I tillegg får grunneigar ei ulempeserstatning for tap av moglegheiten til landbruksdrift. Både vi og grunneigar er nøgd med denne avtalen, så no kan vi gå i gang med detaljreguleringa, fortel Bruarøy som kaller det ein gledens dag.

2 parallellar med utvidingsmoglegheit

Kommunen har allereie fått tommel opp frå fylkesmannen om å etablera skulen på den aktuelle tomta.

– Vi var i kontakt med fylkesmannen i forkant sidan det er snakk om å omregulera eit LNF-område til offentleg formål. Vi fekk tilbakemelding om at det berre var å setta i gang.

– Skulen blir bygd som ei to-parallellar skule med moglegheit til å utvida til tre på sikt. Dette vil bli eit oppvekstsenter med barnehagen som næraste nabo, ny skule med gymbygg og moglegheit til å bygga ei 7-ar fotballbane. Dette vil bli eit godt supplement for innbyggjarane austom elva, seier ordføraren.

Klar til skulestart 2019?

Om alt går knirkefritt vil skulen kunne stå ferdig til skulestart i 2019.

– Det er alltid ein fordel å kunna ta i bruk ei ny skule i samband med skulestart. Vi veit at det er press på sentrumsskulane, så det er inga grunn til å venta.

– Som vi har kommunisert tidlegare vil elevane ved Hegglandsdalen skule då få flytta inn i eit heilt nytt og moderne skulebygg.

Skal bli trygg og god skuleveg

Kommunen er allereie i dialog med Statens vegvesen og fylkeskommunen om etablering av gang- og sykkelveg langs Hegglandsdalsvegen frå Hauge til Valle bru.

– Det er i samband med at vi skal legga ned ny vassleidning. Dialogen der er god og vi vil vera ferdig i god tid før den nye skulen står ferdig.

– Kva med Borgavegen?

– Det er klart at det vil bli lagt tilrett for fortau langs Borgavegen. I reguleringa vil det bli ein heilskap og vi skal sørgje for trygg skuleveg for dei som bur på Hjelle, avsluttar Marie Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.