Næringsliv | 12. apr. 2016

– Her skal det vera lett å finna fram

Midtsiden har vore på omvising hos Bygger'n ei veke før opning.

– Her skal det vera lett å finna fram
Kjededirektør Christine Holm besøker Os i dag, veka før opning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. apr. 2016 10:07

Bildeserie:

400 av 1300 kvm er varm sone - butikk.
400 av 1300 kvm er varm sone - butikk.
No blir dei siste utstillingane bygd.
No blir dei siste utstillingane bygd.
Mens andre avdelinger er ferdig.
Mens andre avdelinger er ferdig.
I kald sone er det kompakt, men oversikteleg.
I kald sone er det kompakt, men oversikteleg.
Nærmast varm sone er lister og dører, lengre ute er røffare varer.
Nærmast varm sone er lister og dører, lengre ute er røffare varer.
Delar av utstillinga er utandørs.
Delar av utstillinga er utandørs.
Proff-mottak og gjennomkøyring i kald sone.
Proff-mottak og gjennomkøyring i kald sone.
Hodneland og Holm (t.h.) saman med dei tilsette i Bygger'n Os.
Hodneland og Holm (t.h.) saman med dei tilsette i Bygger'n Os.
1 av 8
400 av 1300 kvm er varm sone - butikk.
No blir dei siste utstillingane bygd.
Mens andre avdelinger er ferdig.
I kald sone er det kompakt, men oversikteleg.
Nærmast varm sone er lister og dører, lengre ute er røffare varer.
Delar av utstillinga er utandørs.
Proff-mottak og gjennomkøyring i kald sone.
Hodneland og Holm (t.h.) saman med dei tilsette i Bygger'n Os.

I neste veke opna Bygger'n i Os igjen. Det nybygde varehuset i Industrivegen er for lengst ferdig, no blir det jobba for fullt med å setja varer på plass.

Les òg: Hodneland sjef når Bygger'n gjer comeback i Os

– Utstillingar skal byggast, vi skal skilta godt og vi har framleis ledige hyller som skal fyllast med varer, seier kjededirektør Christine Holm.

Ho besøker Os i dag og skal tilbake både på VIP-opninga i neste veke og den offisielle opninga dagen etter.

– Vi kan bli mellom 100 og 200 gjestar kvelden før opning. Då blir det tapas og underhaldning med Marit Voldsæter, så det gler vi oss skikkeleg til.

– Ei glede å bygga frå scratch

På den 4,9 mål store tomta har EA Smith bygd eit 1300 kvadratmeter stort byggevarehus.

– Dette er delt inn i varm sone på 400 kvadratmeter og kald sone på 900 kvadratmeter. Vi er ikkje opptatt av å ha det største varehuset, men vi vil vera kompakt og ryddig. Det skal vera lett å finna fram og du skal få hjelp av fagfolk.

Blant dei tilsette er det både tømrarar, tidlegare snekkarar og folk med lang fartstid i byggevarehus på Aust- og Vestlandet.

– Det har vore ei glede å bygga frå scratch, eg føler vi har fått mykje ut av både tomta og bygget.

I dag fekk Midtsiden ei omvising i både varm og kald sone, der det er høg aktivitet med bygging av dei siste utstillingane og plassering av varer i små og store hyller.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.