Arne Thuen mot Mircea Carloganu i finalen fredag. (Skjermskot frå YouTube, foto: World Armwrestling Federation)

Her tar Arne Thuen (63) sitt 7. VM-gull

Vann VM-finale fredag kveld, 11 år etter førre gullmedalje.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Arne Thuen vann fredag kveld finalen i VM i handbak. Etter sølv med venstrearm torsdag blei det gull med høgre.

– Eg har brukt fire år på å trena meg opp med ny teknikk etter skade i albuen. No byrjar det å fungera, seier Arne på telefon frå Budapest.

– Folk sa det var umogleg å koma tilbake, og når folk seier sånt så skjer det noko i hovudet mitt, legg den målbevisste handbaklegenda til.

Har 14 VM-medaljar

Med dagens førsteplass har han 7 VM-gull og i alt 14 VM-medaljar. Veteranen, som no deltar i grand master -90 kg, har òg 7 gull frå EM.

– Tida er kanskje rett å legga opp no, med VM-gull som siste resultat. Men vi får sjå. Det er jo kjekt når høgrearmen har byrja å fungera igjen.

Sist han tok gull i VM var i 2006.

– Eit heilt anna maskineri

Arne er einaste frå Os i VM-troppen på 17 deltakarar. Han lét seg overtala til å bli med og er glad for at armen fungerer fint.

– Eg har òg fokusert på å unngå feil, tatt det roleg for å unngå albueløft. Det har vore nokre diskvalifikasjonar dei siste åra.

Når VM blir arrangert i Europa er konkurransen hardare enn når han går i USA. Fleire sterke austeuropearar deltar når meisterskapen er i nabolaget.

I går tok Arne seg til finalen med venstre arm. På veg til finalen slo han ein frå Kazakhstan som ropte at han ville ha revansje i dag, med høgre arm, for der var han sterkare.

– Gløym det, sa eg, og tok han også i dag.

– Då eg kom til finalen, og møtte han som vann med venstre dagen før, trur eg også han blei overraska over forskjellen eg har på venstre og høgre. Det er eit heilt anna maskineri.

Sendt direkte på YouTube

Det var Mircea Carloganu frå Romania Arne slo i finalen med høgre arm.

World Armwrestling Federation sende direkte frå VM.

Videofilene ligg på YouTube og du kan sjå Arne sin finale 3:08:00 ut i denne videoen.

– Eg blir verande til søndag. I morgon går det mange kampar og sjølv om eg no er full i adrenalin så gler eg meg til berre å vera publikum.

– Norge har tatt fleire medaljar og det er kjekt å vera ein av dei som bidrar til litt fangst.