Lokal | 02. feb. 2013

Herre i eige hus

Vindfanget har kjøpt Osheim-eigedomane frå Helse Bergen. - No har vi den tryggleiken vi treng for å utvikla verksemda vidare, seier Gunnvor Hernes Leonsen.

Herre i eige hus
Dagleg leiar Gunnvor Hernes Leonsen og tømrar Leif Østrem framfor skulebygningen, ein av dei tre bygningane Kirkens sosialtjeneste har kjøpt i Finnebrekka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 02. feb. 2013 07:49

I midten av desember overtok Kirkens Sosialtjeneste, som driv Vindfanget oppfølgingssenter og Vindfanget Vedlikehold, dei to eigedomane Helse Bergen hadde i Finnebrekka.

Vindfanget har vore leigetakar i den gamle skulebygningen nærmast elva dei siste tre åra.

- Då Helse Bergen la ut eigedommane for sal i haust var vi ikkje i tvil.

- Vi villa sikre oss desse for å få formålstenlege lokale også i åra som kjem, fortel Gunnvor Hernes Leonsen, dagleg leiar ved Vindfanget.

Kjøpet omfattar to eigedommar på til saman rundt 5 mål. Prislappen blei på litt i overkant av 10 millionar kroner.

Med leigetakarar på kjøpet

Kirkens Sosialtjeneste har sidan dei blei leigetakarar hatt opsjon på å kjøpa.

- Vi kjøpte først gamleskulen, kor vi har den daglege drifta av oppfølgingssenteret. Men sidan vi driv ei verksemd som ikkje er så lett å flytta på, og fordi vi ikkje veit korleis verksemda utviklar seg dei komande 3-5 åra, bestemte eigedomsavdelinga i Oslo at vi også skulle kjøpa villaen og internatet.

- Vi treng førebels ikkje desse to lokala sjølv, og har derfor vidareført leigekontraktane med dei som leigde der frå før, forklarar Leonsen.

Meir fokus på arbeidstrening

Sidan oppstarten i Os for 6 år sidan har aktiviteten til Vindfanget endra seg.

- Vi har framleis oppfølgingsteneste, der vi er ein sosial treffstad og legg til rette for aktivitetar, samtalar, trening og oppfølging av deltakarane som treng hjelp til å halda seg rusfrie.

- Men dei siste åra har verksemda dreidd vesentleg frå konstruert arbeid til meir reelle og vanlege arbeidsoppgåver. Mange av deltakarane våre er i arbeidsfør alder, men treng arbeidstrening for å koma seg ut i normalt virke eller skulegang.

Målet er å koma ut i normalt arbeid

Det siste året har tre av deltakarane gått frå regelmessig og tett oppfølging på senteret til ordinær jobb eller skule.

- Vi har framleis kontakt med dei, men no meir sjeldan enn tidlegare.

- Livet er ikkje alltid enkelt, og det å ha oss som ei støtte ein gong i veka, eller kvar fjortande dag i starten, er ofte det som skal til for at dei held seg rusfrie og klarer å stå i arbeid, fortel Leonsen.

Starta vedlikeholdsteneste

Som ei følgje av meir fokus på reell arbeidstrening har Vindfanget starta underprosjektet ”Vindfaget Vedlikehold”. Det siste året har dei hatt ein tømrar på deltid som arbeidsleiar/rettleiar for deltakarane.

- No i januar tilsette vi ein tømrar til - denne gongen i full stilling. Så no har vi to tømrar-team som tar på seg mindre tømraroppdrag, vedlikehald og vaktmestertenester.

- Det kan vera å snikra ein terrasse, sette opp ein levegg, tilbygg eller andre småjobbar. Vi har til og med bytta tak på ein bustad.

- Vi skal ikkje vera ein ordinær konkurrent til ordinære tømrarfirma, men gje deltakerane våre meiningsfylt arbeid.

- Om det er nokon som har ein jobb dei skulle ha gjort er det berre å ta kontakt, smiler Leonsen, medan ho betraktar det eine teamet som er i full sving med å bygga terrasse framfor dei nyerverva lokala.

Dette er Vindfanget

Vindfanget Oppfølgingssenter har eit årsbudsjett på 2,5 millionar kroner, der 580 000 kroner kjem i støtte frå Os kommune, resten blir finansiert gjennom andre offentlege midlar, fond, gåver, sal av vedlikehaldstenester, sykkelreperasjonar og bosshus, postkassestativ og hus for varmepumper.

Vindfanget har 4 tilsette fordelt på 2 stillingar i grunnbemanning og 1,5 stilling som arbeidsleiarar. Kirkens Sosialtjeneste driv Vindfanget og 16 andre verskemder over heile landet.

15-18 aktive deltakarar har eit forpliktande samarbeid med oppfølgingssenteret til ei kvar tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.