Lokal | 28. sep. 2016

Hevdar bil køyrde over foten

Offeret sprang etter bilen gjennom halve Os og etterlyser no vitne. Bilførar skal sjølv ha ringt politiet då dei var redd vedkomande.

Hevdar bil køyrde over foten
Fotgjengaren tok dette bildet mens han jaga bilen gjennom Os. No etterlyser han vitne etter episoden som skjedde i gangfeltet på bildet.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. sep. 2016 12:03

Måndag i 14.40-tida var det ein episode ved Os Taxi og bussterminalen som kan få eit etterspel.

– Ein bil køyrde over bandet til hunden min. Eg slo i bilen for å få han til å stoppa, men då køyrde han over foten min og vidare inn i Os sentrum, fortel ein av partane.

Oppdatert: Bilførar/passasjer har kontakta Midtsiden med sin versjon. Les nedst i saka.

Han seier det sto 10-15 personar på bussterminalen og at det kom folk bak han. No håper han at nokre av desse såg kva som skjedde og vil melda seg til politiet som vitne.

– I dag er foten min blå, men måndag blei eg så sint at eg sprang etter bilen gjennom sentrum, ut mot Esso og bort til Irisgården. Dei var to i bilen, og med mindre eg får tak i vitne så er det deira ord mot mitt.

– Eg har meldt dette til politiet, men det ser ut som om dei vil henlegga saka.

Politiet: – Ingen kommentar

På spørsmål om dei kjenner til episoden og om dei etterlyser vitne blir politiet noko ordknapp.

– Vi kjenner til at det var ein episode, ja, og vi har snakka med begge partar.

– Utover dette har vi ingen kommentar, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Har blitt påkøyrd fleire gongar før

Fotgjengaren, som kontakta Midtsiden for å etterlysa vitne, seier han har blitt påkøyrd i fotgjengarovergang to gongar tidlegare.

– Ingen av desse gongane blei sjåføren straffa, no fryktar eg at det blir henlagt igjen.

Den eine gongen skal han sjølv ha blitt meldt etter episoden.

– Det virkar som om politiet har liten tillit til forklaringa mi, men foten min er blå og eg har hjulspor over skoen min. Eg håper det var vitne som fekk med seg det som skjedde, seier hundeeigaren.

– Han var forferdeleg aggressiv

Kort tid etter at Midtsiden publiserte saka ringte ein av dei to som sat i bilen og fortalte sin versjon.

– Vi kryssa fotgjengarfeltet i god tid før fotgjengar og hund, og var ikkje borti verken hund eller fot.

– Likevel slo han i bilen og kom springande etter oss. Vi køyrde eit stykke før vi stoppa, men då vi såg kor forferdeleg aggressiv han var så køyrde vi rett til Irisgården, utanfor lensmannskontoret, og ringte for å be om hjelp.

– Politiet kom ned og snakka med både oss og fotgjengaren, som skulle melda oss for noko vi slett ikkje har gjort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.