Kultur | 18. nov. 2014

Hille er hoppande glad

Tove Hille og Frivilligsentralen står klar til å ta over det gamle kommunehuset når Galleri Oz legg ned i midten av desember.

Hille er hoppande glad
Tove Hille er hoppande glad for det nye lokalet til Frivilligsentralen. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtirsdag 18. nov. 2014 19:37

Bildeserie:

Turid Parmann er glad for at det er Frivilligsentralen som tar over huset (KML)
Turid Parmann er glad for at det er Frivilligsentralen som tar over huset (KML)
1 av 1
Turid Parmann er glad for at det er Frivilligsentralen som tar over huset (KML)

Det er ikkje meir enn halvanna år sidan Tove Hille og Frivilligsentralen fekk lokale i den gamle brannstasjonen i Os sentrum. No går ho frå eitt gamalt hus til eit anna.

– Det er ikkje meir enn ei veke sidan rådmannen kom inn og sa at no skulle eg flytta til det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten, fortel Hille.

Ho blei overraska, men fortel at ho var glad for avgjerda.

– Eg visste at eg sat på lånt tid i Allaktivitetshuset, for det bygget skal etterkvart seljast. Ein frivilligsentral bør liggar i sentrum meiner Hille, – Ein stad der dei som vil kan koma innom.

– Frivilligsentralen skal vera ein møteplass, det er hovudpoenget, og no blir vi enda meir tilgjengeleg.

– I tillegg får vi eit uteområde med den offentlege parken rett utanfor og har då enda fleire moglegheitar.

Frivilligsentralen driv blant anna med hobbygrupper og teikne- og malekurs og no ser Hille for seg aktivitetar dei kan gjera utandørs.

Eit hjarte i Os

Det er to tilsette frå kultureininga i kommunen som har hatt lokale i brannstasjonen, og kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh blir også med på flyttelasset.

– Han kjem til å ha kontor i 2. etasjen medan eg nyttar 1. etasje.

Hille synest det gamle kommunehuset er eit hjarte i Os og er glad for at dei har fått eit kulturhus med ein historie og som ho kan vera stolt av.

– Det er litt mindre, og vi mister det store kjøkkenet som vi har nytta på Allaktivitetshuset, men vi tilpassar oss.

Hille reknar ikkje med å vera på plass i nytt lokale før i februar.

– Kjem nok på besøk

Turid Parmann frå Galleri Oz er glad for at det er Frivilligsentralen som tar over huset etter galleriet.

– Det er heilt utmerka, Frivilligsentralen er eit fantastisk tiltak, fortel Parmann, som ikkje utelukkar at ho kjem innom på besøk ein gong i blant.

Parmann hadde allereie komt langt i tankeprosessen om at ho skulle gje seg i sommar, men etter at Sonya Snyder kom inn som medeigar i august valde ho å halda fram.

Då Snyder fortalde i oktober at ho skulle flytta til USA, så var Parmann mentalt klar for at dette var slutten på galleriet.

– Eg såg det koma og det går greit, det er ei tid for alt.

– Blir nok aldri pensjonist

Den driftige 67-åringen har ikkje tenkt å slå seg til ro som pensjonist, det har ho ikkje tid til.

– Eg kjem til å halda fram med strikkeverkstaden min heime og har tenkt å halda kurs. Kanskje det kjem ei strikkebok eller tre?

– Eg trur nok eg aldri kjem til å bli pensjonist, det er alt for mykje eg ikkje har prøvd eller lært enno.

Galleri Oz kjem til å halda ope vidare og sel ut varer fram til siste opningsdag, 13. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.