Sport | 07. aug. 2011

Historisk noregsmeister!

Golf-NM: Finalerunden blei avlyst grunna regn. Dermed blei Solveig Helgesen noregsmeister, den første nokosinne frå Bjørnefjorden.

Historisk noregsmeister!
Andris Hamresøndag 07. aug. 2011 11:15

Solveig Helgesen blei historisk då ho som første spelar frå Bjørnefjorden Golfklubb blei noregsmeister sundag. Turneringa gjekk på Bjaavann Golfklubb.

Øystein Engevik var nær for to år sidan då han blei nummer to, den gong blei NM arrangert på Meland Golfklubb.

- Starten er utsett på grunn av mykje regn her i Kristiansand, sendte Solveig i ein sms-til Midtsiden.no sundag morgon.

Då avgjerda skulle fattast sundag klokka 11 hadde arrangørane sjekka med Meteorologisk institutt, som ikkje kunne lova betring dei første timane. Dermed beslutta dei at dei to rundene som hadde blitt spelt skulle telja som årets NM.

Også fredagens runde blei avlyst grunna regn.

- Dette er heilt fantastisk. Ikkje berre er Solveig Bjørnefjorden sin første noregsmeister, så vidt eg veit er ho også den første kvinnelige noregsmeisteren frå Hordaland, strålar PRO på Bjørnefjorden Sverre Marcelius.

Solveig Helgesen blei for to år sidan junior-norgesmeister.

Sette banerekord

Solveig Helgesen blei historisk på fleire måtar. Torsdag tok ho leiinga etter å ha gått dei 18 hola på 68 slag.

Dette er ny banerekord på Bjaavann etter at dei la om utslaga.

- Eg slo ballen betre og betre utover i runden og tok vare på dei sjansen eg gav meg, fortalte Solveig etter rekordrunda.

Banerekorden blei laurdag tangert av Andreas Gjesteby frå Drammen. Etter ein like solid runde som Solveig gjekk torsdag blei han noregsmeister for herrar.

Laurdagens runde gjekk Solveig på 74 slag, to slag over par. Ho blei berre slått på runden av Marthe Wold frå Drammen, som gjekk dei 18 hola eitt slag betre.

- Forholda var gode, men det var ein del vind, rapporterte Solveig etter den andre runden.

På plassane bak Solveig kom Marte Wold og Jeanette Engzelius frå Oslo.

I midten av august set Solveig Helgesen seg på flyet tilbake til Atlanta og Georgia State University for å halda fram på utdanning og spel på universitetlaget, no som nybakt noregsmeister.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.