Næringsliv | 11. apr. 2017

Historisk polopning

For første gang på 95 år held Vinmonopolet ope påskeaften. Her finn du òg kva daglegvarebutikkar som er opne helligdagane i påska.

Historisk polopning
Vinmonopolet i Hamnevegen held for første gang ope påskeaften (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretirsdag 11. apr. 2017 06:47

Ei lovendring som tredde i kraft 1. august 2016 gjer nemleg at Vinmonopolet no kan helde ope både påskeaften og pinseaften, med det er det slutt på ei 95 år lang "tørke". Vinmonopolet har nemleg aldri sidan dei blei etablert i 1922 hatt ope på påskeaften.

Lokalt betyr det at butikken i Hamnevegen er ope til 18 tysdag, 15 onsdag, stengd torsdag og fredag, men ope igjen laurdag fram til klokka 15.

Opne daglegvarebutikkar

Fleire daglegvarebutikkar som vanlegvis har søndagsope held òg opne helligdagane gjennom påska. I følgje kjedene sine nettsider held desse open dei raude dagane i påska.

Joker på Osøyro
Skjærtorsdag - 09-20
Langfredag - 09-20
Påskeaften - 09-16
1. påskedag - 09-20
2. påskedag - 09-20

Joker på Søfteland
Skjærtorsdag - 09-21
Langfredag - 09-21
Påskeaften - 09-21
1. påskedag - 09-21
2. påskedag - 09-21

Bunnpris Vedholmen
Skjærtorsdag - 11 - 16
Langfredag - 11 - 16
Påskeaften - 08 - 15
1. påskedag - 11 - 16
2. påskedag - 11 - 16

Coop Extra på Amfi er stengd skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag. 2. påskedag held dei ope 10-20

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.