Sport | 15. nov. 2017

Historisk snookerspel av Daniel Skaathun

117-break i NC-finale: Berre to andre nordmenn har gjort det same.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. nov. 2017 13:34

Bildeserie:

Rundsveen og Skaathun tok 5. og 1. plass. (Privat arkivfoto)
Rundsveen og Skaathun tok 5. og 1. plass. (Privat arkivfoto)
1 av 1
Rundsveen og Skaathun tok 5. og 1. plass. (Privat arkivfoto)

Då sesongens femte noregscup i helga blei arrangert i Os Biljard & Snookerklubb, blei det ikkje berre heimesiger til Daniel Skaathun, Skaathun klarte noko som sjeldan blir gjort i snookerkonkurransar på norsk jord; eit break på over 100 poeng.

– Det er første gong eg har klart det i konkurranse, og eg blei etterpå fortald at sist nokon hadde break på over 100 i Noreg var i 2011, fortel Daniel til Midtsiden.no.

• Sjå dei fantastiske 10 minutta, komprimert til 4 minutt, i videoruta over.
(Os Biljard & Snookerklubb sendte direkte via YouTube frå NC5)

Break på over 100 skal berre ha blitt gjort 8 gongar før på norsk jord. Den tilflytta engelskmannen Kurt Maflin, som har halde kurs i Os, skal ha stått for ein del av dei, to andre nordmenn for resten.

Fire kuler låg igjen

Skaathun landa på 117 poeng på breaket, som kom i runde to i finalen. Han vann spelet og finalen (3-0, best av 5).

Berre fire kuler låg igjen då han missa, hadde han seinka resten ville han kome opp i 139 poeng (av maks 147, 15 x raud+svart).

– Har du hatt break på over 100 på trening før?

– Ja. Du må gjera slike ting mange gongar på trening før du kan ha håp om å klara det i konkurranse. I konkurranse er det vanskelegare.

– Var nokre kuler vanskelegare enn andre?

– Alle er vanskelege om du ikkje er fokusert, for meg handla det berre om ikkje å feila, og om å sikra godt legg til neste støt. Men då eg kom til støtet der eg ville passera hundre, var eg litt nervøs.

Snooker, kort forklart

Snooker er langt vanskelegare enn biljard. Bordet er omtrent dobbelt så stort, holet cirka halvparten så lite. I spelet får du 1 poeng for kvar raud kule, 2-7 poeng for kvar farge (anna farge enn raud). Du skyter annakvar raud og farga kule nedi. Dei farga kulene skal opp igjen heilt til det er tomt for raude. Då skal dei farga seinkast i ei bestemt rekkefølgje.

Rundsveen på 5. plass

Til saman sju deltakarar frå Os stilte i noregscup på heimebane.

Reidar Rundsveen hadde tre sigrar og eitt tap. Han landa på 5. plass som nest beste frå Os.

Frode Vikebø og Geir Bentzen kom å delt 9. plass, mens Trond Johan Eeg Nielsen, Kim Erwin Fluge og Kjell Henriksen blei slått ut tidlegare.

Sjå komplett resultatliste på cuescore.com.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.