Emilie Morken, Ingrid Fose-Florvaag, jennie Bos og Izabell Eriksen sprang på stafettlaget til Lysekloster (lesarbilete: Maria Bos)

Historisk stafettlag i Karabinlekene

For første gang på 20 år stilte Lysekloster stafettlag i eit friidrettsstemne. Sjå bilder og alle Os-resultat frå Karabinlekene her.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Fire friidrettsklubbar frå Os (Nore Neset, Søfteland, Lysekloster og Os Turn) stilte til start då Fana IL inviterte til Karabinlekene, med 530 påmeldte, på Fana Stadion i helga.

Det blei ei helg med mange gode resultat av unge friidrettsutøvarar frå Osbygda.

Tre medaljar til Lena Sperrevik 

Historiske jenter

Friidrettsgruppa til Lysekloster stilte 11 utøvarar i stemnet, som laurdag blei historisk for klubben frå Fjorden.

– Då stilte vi med stafettlag på 4x60 meter for første gang på over 20 år. Emilie Morken, Ingrid Fose-Florvaag, jennie Bos og Izabell Eriksen i J10 fekk stafettpinnen rundt på ein fin måte og gjekk i mål på tida 41,62, rett bak vinnarane frå Fana IL, fortel trenar Maria Bos.

Stilte kameraet for høgt

Bos hadde med seg fleire unge utøvarar, som gjorde det skarpt. Magnus Løvaas (10) satte personleg rekord både i lengde (3,41 m) og liten ball (28,28 m).

– Det hadde nok ganske sikkert blitt pers på 60 meter også. Men her hadde arrangøren montert målkameraet for høgst slik at ikkje alle i heatet kom med på bliete. Dermed fekk ikkje Magnus registrert tida, men det gjekk unna, seier Bos.

Tredje beste tid

Klubbvenninne Izabell Eriksen var også rask på 60 meteren.

– Ho storma inn på 10,12, noko som både var ny pers og tredje beste tid i 10-årsklassen.

Resultat for utøvarar frå Os

Her finn du resultata frå alle utøvarane frå dei fire idrettslaga i Os kommune som deltok i Karabinlekene 2017 (Midtsiden tek atterhald om tastefeil).

G10 - 60 m
Ole Andre Orrebakken, Os Turn, 10,06

G10 - lengde
Eirik Olsen Klyve, Os Turn, 2,43
Ole Andre Orrebakken, Os Turn, 2,38
Magnus Løvaas, Lysekloster, 3,41

G10 - liten ball
Ole Andre Orrebakken, Os Turn, 17,29
Eirik Olsen Klyve, Os Turn, 14,28
Magnus Løvaas, Lysekloster, 28,28

J10 - 60 m
Emma Ottosen, Os Turn, 11,62
Izabell Eriksen, Lysekloster, 10,12
Jennie Bos, Lysekloster, 10,81
Magdele Kvamme Hjellvoll, Os Turn, 11,92

J10 - Lengde
Magdele Kvamme Hjellvoll, Os Turn, 2,31
Jennie Bos, Lysekloster, 3,07
Izabell Eriksen, Lysekloster, 3,15
Emma Ottosen, Os Turn, 2,43

J10 - Liten ball
Emma Ottosen, Os Turn, 19,09
Jennie Bos, Lysekloster, 27,22
Magdele Kvamme Hjellvoll, Os Turn, 12,35

J12 - 60 m
6. Frida Fredriksen Stang, Os Turn, 9,52
7. Lena Sperrevik, Søfteland TIL, 9,61

J12 - Liten ball
4. Lena Sperrevik, Søfteland TIL, 30,89

J17 - 60 m
1. Michelle Askvik Gassmann, Os Turn, 8,46
3. Sofie Olsvold Hausberg, Os Turn, 8,56

G11 - 600 m
5. Emil Brandseth, Nore Neset IL, 2,01,62

G13 - 600 m
5. Kristian Brandseth, Os Turn, 1,49,49

G13 - Lengde
7. Kristian Brandseth, Os Turn, 4,10

G14 - 100 m
10. Isak Skåtøy, Os Turn, 13,68
14. Håvard Tvedt Skeie, Os Turn, 14,27

G14 - Lengde
9. Isak Skåtøy, Os Turn, 4,19
10. Håvard Tvedt Skeie, Os Turn, 4,04

J12 - 600 m
1. Lena Sperrevik, Søfteland TIL, 1,50,69

J12 - Høyde
3. Lena Sperrevik, Søfteland TIL, 1,27

J12 - Lengde
3. Lena Sperrevik, Søfteland TIL, 4,00
17. Fride Fredriksen, Stang, 3,38

J13 - 600 m
4. Tuva Olsen Klyve, Os Turn, 1,59,35
5. Anika Lunde, Os Turnforening, 2,02,20

J13 - Høyde
4. Tuva Olsen Klyve, Os Turn, 1,27

J13 - Lengde
17. Tuva Olsen Klyve, Os Turn, 3,38
18. Anika Lunde, Os Turn, 3,37
19. Thea Olsvold Hausberg, Os Turn, 3,33

J13 - Spyd
2. Thea Olsvold Hausberg, Os Turn, 16,48

J17 - 100 m
4. Michelle Askvik Gassmann, Os Turn, 13,58

J17 - Lengde
1. Sofie Olsvold Hausberg, Os Turn, 4,83

G10 - 200 m
Louis Botnevik Eickhoff, Lysekloster, 34,94

G10 - 80 m
Louis Botnevik Eickhoff, Lysekloster, 12,80

G10 - høyde
Louis Botnevik Eickhoff, Lysekloster, 1,22

G10 - Kule
Louis Botnevik Eickhoff, Lysekloster, 5,80
Eirik Olsen Klyve, Os Turn, 4,64

G12 - Kule
2. Adrian Skau, Søfteland TIL, 7,20

G13 - Kule
4. Håvard Gaustad Lyngbø, Os Turn, 7,30
6. Jonas Skulstad Berge, Os Turn, 6,10

G8 - 40 m
Herman Gjerde Onstad, Lysekloster, 8,20
Haakon Gjerde Onstad, Lysekloster, 8,19
Njård Espeland, Os Turn, 8,25

G8  - 400 m
Hermand Gjerde Onstad, Lysekloster, 1,40,12
Njård Espeland, Os Turn, 1,32,80
Haakon Gjerde Onstad, Lysekloster, 1,42,84

G8 - Lengde
Herman Gjerde Onstad, Lysekloster, 2,35
Njård Espeland, Os Turn, 2,50
Haakon Gjerde Onstad, Lysekloster, 2,36

G8 - Liten ball
Njård Espeland, Os Turn, 9,26

G9 - 40 m
Aksel Natås Sørstrømmen, Lysekloster, 7,90
Alexander Norbeck, Os Turn, 8,14

G9 - Lengde
Alexander Norbeck, Os Turn, 2,30

G9 - Liten ball
Aksel Natås Sørstrømmen, Lysekloster, 21,45
Alexander Norbeck, Os Turn, 13,20

J10 - 200 m
Izabell Eriksen, Lysekloster, 37,40
Jennie Bos, Lysekloster, 35,30

J10 - 80 m
Izabell Eriksen, Lysekloster, 13,33
Jennie Bos, Lysekloster, 13,71

J10 - Høyde
Izabell Eriksen, Lysekloster, 1,02

J13 - 200 m
14. Anika Lunde, Os Turn, 34,24

J13 - Kule
5. Thea Olsvold Hausberg, Os Turn, 7,71
6. Tua Olsen Klyve, Os Turn, 7,63

J13 - Tresteg
8. Tuva Olsen Klyve, Os Turn, 7,86

J15 - Tresteg
2. Malin Dale, Os Turn, 8,53

J17 - 200 m
2. Michelle Askvik Gassmann, Os Turn, 28,01

J17 - Tresteg
1. Sofie Olsvold Hausberg, Os Turn, 10,46

J8 - 400 m
Elise Bos, Lysekloster, 1.32.78

J8 - Lengde
Emily Botnevik Eickhoff, Lysekloster, 2,01
Elise Bos, Lysekloster, 2,88

J8 - Liten Ball
Emily Botnevik Eickhoff, Lysekloster, 9,21
Elise Bos, Lysekloster, 11,05

J9 - 40 m
Thea Høgstein Hallem, Os Turn, 8,28

J9 - Lengde
Thea Høgstein Hallem, Os Turn, 2,16

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.