Kultur | 12. mai 2017

Historisk stormønstring

12 kommunar, 433 elevar og eit ukjend tal kunstverk er resultatet når «Sjå her!» vårutstillinga 2017 vert arrangert i Oseana for første gang i historien.

Historisk stormønstring
Utstillingskoordinator Philip Buer Elvegård og marknads- og kommuikasjonsansvarleg Veronica Søylen Halhjem gler seg til utstillingsopning (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 12. mai 2017 07:10

For to år siden inviterte Oseana Bergen kulturskule til å ha si vårutstilling i Griegsamlingen. Det vart òg opptakten til at Os kulturskule frå hausten av tilbyr visuelle fag. I år er kulturskulen tilbake, men no saman med 11 andre kulturskular.

– Det er kjempestas at så mange kommunale kulturskular kjem til Os med sine elevar og kunstverk. Eg rekner med at det blir rimeleg fullt her under dei to opningane på laurdag, smiler Veronica Søylen Halhjem, nytilsett marknads- og kommunikasjonsansvarleg på Oseana.

Sjå her!

Med dei 12 kommunane Bergen, Askøy, Kvam, Meland, Lindås, Stord, Fitjar, Ullensvang, Bømlo, Voss, Jondal og Vaksdal involvert er det litt av ein jobb å koordinere det heile.

– Det er første gang vi gjer ei så stor samling med så mange involverte. Tilsaman er det heile 433 elevar, 249 av dei frå Bergen, som stiller ut her. Dette gjer vi for å auke fokus på kunstfagene rundt forbi, fortel Philip Buer Elvegård, utstillingskoordinator for Hordaland Kulturskulemønstring 2017.

Stor variasjon

Utstillinga som har fått tittelen «Sjå her!» viser mangfaldet innan det visuelle faget.

– Her er det alle moglege uttrykksformer frå teikningar og målerier til installasjonar, keramiske arbeider, dokumentarfilmer og animasjonar. På opninga skal vi til og med ha ein preformance.

– Utstillarane er i alderen frå 6 til 63 år, nokre av kulturskulene har nemleg blanda grupper og også tilrettelagte tilbod for menneskje med nedsatt funksjonsevne. Variasjonen er stor, frå dei som starta i kulturskulen sin i haust, til dei som har halde på i mange år og dei som er med på billedkunst fordyping, eit tilbod til elevar i heile Hordaland, seier Elvegård.

Månadlege samlingar

Billedkunst fordyping har fått tildelt Hvelvet for si delutstilling «Sosiale portretter».

– Billedkunst fordyping er det som tidlegare blei kalla talentprogrammet. Det er eit tilbod til dei som allereie har vekentlig undervisning i billedkunst, men som har ønskje og talent til å ta det vidare. Elevane må gjennom ei opptaksprøve for å få plass. I dag har vi 16 elevar, hovudsakleg frå Bergen, men vi har tidlegare mellom anna også hatt elevar heilt frå Sveio, fortel hovudlærar Linda Øgaard.

– Vi samlast ein gong i månaden og jobbar intenst både laurdag og søndag. På samlingane hentar vi inn ein ny kunstnar kvar gong, både for at elevane skal få inspirasjon og ei større kunnskap om dei ulike delane av billedkunstfaget, forklarar Øgaard.

Utstillingane opnar laurdag klokka 13 og 14 og står fram til 28. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.