midtsiden

Historisk stunt

Trend + tradisjon: Kvifor ro når oselvaren får fin framdrift med kite?

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, september 16, 2011 - 13:30

– Dette er noko eg har hatt lyst til å prøva i sikkert fem år. Problemet har vore at eg ikkje kan kita sjølv, seier båtbyggar Hallgeir Bjørnevik.

Hallgeir bygger oselvarar og andre tradisjonsbåtar, i tillegg har han vore med og segla NM i oselvar. Men då han ville testa korleis oselvaren oppførte seg med kite som dragkraft måtte han ha folk med seg.

Osing og studentar frå England

Hallgeir og Bjørn Ådne Kvalheim, som for tida held på å bygga ein åttring i Vognhallen, har no med seg to båtbyggarstudentar frå ein skule i England.

– Ein av desse, Alen Van Rooyen, har kita frå før, og han var veldig interessert i å prøva. Vi hadde også med ein kitar frå Os, Asbjørn Andås, som har halde på med kiting i rundt fire år.

I tillegg var medstudenten Rhori Jones veldig interessert i å vera med i følgjebåt, noko også ein av båtbyggarane frå Oselvarverkstaden, Mike Rieboth, ville.

10 knop og plask i sjøen

I 18-tida torsdag kveld la dei frå land i Os hamn. Medan båtbyggarane og Jones sat i følgjebåt var Asbjørn og Alen på plass i ein oselvar med kite om bord.

– Det gjekk utruleg bra, på det meste var dei sikkert oppe i 10 knop, ler Hallgeir.

– Dette må jo vera historisk, at ein oselvar blir brukt omtrent som wakeboard, held han fram.

Ekstremsportveko next?

Sjølv om oselvaren er stødigare og større enn eit wakeboard klarte ikkje begge kitarane å halda seg tørre.

– Det kom eit rykk frå kiten som drog ein av dei rett ut av båten og 10-15 meter bortover sjøen.

– Kva blir det neste Hallgeir, oselvar i sving under Ekstremsportveko på Voss?

– Ja, det er også noko eg har tenkt på, faktisk. Og etter å ha sett kor godt det fungerte med kite i går, kitarane sat med store smil og tommelen opp heile tida, så trur eg dette kunne vore suksess i ekstremsportmiljøet.

– Vossingane har jo sans for både tradisjon, stunt og humor - i tillegg må jo ein nasjonalbåt som oselvaren vera glimrande base også for dei som er nybyrjarar og vil læra seg å styra ein kite.

Les òg:
Surfing i Danmark

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11