Historisk vigsel i rådhuset

Tanja og Fredrik fekk kvarandre i dag - i det som er første vigsel i Os Rådhus.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Frå 1. januar i år har Os kommune tatt oppgåva med borgarleg vigsle frå domstolane.

Klokka 14 i dag, fredag 12. januar, var første vigsle.

– Det blei ein fin seremoni og ordføraren sa mange ord som varma, seier bruda Tanja.

Ho heitte Rajic Riise til etternamn før ho no tar namnet til ektemannen, Fredrik C. Birkenfeldt.

Eitt år som kjærastar

Ekteparet fortel at det, på dagen, er eitt år sidan dei blei kjærastar. Dei var frå før kollegaer. Fredrik fridde i mai.

– Vi sat på verandaen heime. Vêret var strålande og ungane var der med oss. Vi sat og snakka om kor fint vi hadde det, og då fekk eg lyst til å fri.

– Det var spontant, eg hadde ikkje ringen klar, fortel Fredrik.

Valte Os Rådhus

Dei har begge vore gift før, og har til saman fem born, tre gutar og to jenter.

– Vi bur både i Os og Bergen, men mest i Os, og tenkte det dessutan kunne vera fint å gifta seg her, sidan det er nytt for kommunen.

Ordførar Marie E. Lunde Bruarøy (H) og varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) er gjennom lova allereie gitt vigselmynde. I tillegg er 17 andre godkjente som borgarlege vigslarar i Os.

Men det blei ordføraren som fekk ta første vigsel i Os Rådhus.

– Ei fin rolle å tre inn i

Bruarøy fortel at ho, med fleire frå Os kommune, i desember var i Bergen tinghus for å få informasjon og tips til gjennomføring.

– Det er ein del formalitetar som må vera på plass. Noko av det er at brudeparet må visa legitimasjon før vi set i gang, fortel ordføraren.

I dag var ho kledd i vigslarkappe, eit antrekk kommunane sjølv vel om dei vil bruka, og ordførarkjede.

– Det er ein ferdigskriven tekst vi skal lesa, og den synest eg sjølv er veldig fin. Eg er glad for at brudeparet likte den, og eg håper at dei får fine minne frå denne dagen.

Rådhuset har fleire rom som kan brukast til vigslar. Då dagens brudepar hadde ein del gjestar med seg, blei formannsskapssalen brukt.

No går turen vidare til bryllaupsfest med born og vaksne heime hos brudeparet.