Kultur | 30. nov. 2015

Hjartekonsertar i Os

Fredag 11. og laurdag 12. desember vert Osbygda løfta ut av si travle førjulstid og får saman med elever på Kongshaug musikkgymnas ei av sine store førjulsopplevingar.

Hjartekonsertar i Os
Kongshaug Musikkgymans er i rute til å spreie juleglede med hektiske konsertdagar 11. og 12. desember (Foto: Håkon Andersen)
Cathrin Valestrandmandag 30. nov. 2015 10:29

– Fredag morgon før kl. 07.30 kjem eit stille tog av unge og vaksne gåande til kyrkja i Os. Stien inn frå parkeringsplassen er opplyst av fakkelboksar, og sjølve kyrkja er flomlyst som eit fyr i mørkret. Inne i kyrkja er lyset dempa, og berre levande lys viser veg til benkene. Dette er noko folk vil ha med seg. Dette gjev ei høgtid som saknar sidestykke, seier rektor ved Kongshaug, Oddvar Rotvik.

– Her kjem offentleg tilsette og privat næringsliv i bygda. Her kjem mødre og fedre saman med borna sine på veg til barnehage eller skule. Her kjem pensjonistar som ikkje er vane med å liggja frampå om morgonen, og her kjem 100 strålande unge i sin finaste stas for å syngja om julebodskapen.

Stort arrangement

Dei nye og populære songane i skjønn foreining med dei gamle og framleis like gode julesongane vert formidla med flott musikk av strykarar, blåsarar, band og solistar, samt eit kor av 100 songarar, 200 strålande auge og 100 bankande hjarte. Ikkje rart at det bankar litt ekstra hjå dei om lag 150 frammøtte som kvart år kjem for å lyda, å sjå og verta velsigna på ein vanleg fredag morgon på vei til jobb eller skule.

Tidleg start

Allereie 2,5 time før konsertstart, kl. 05.00, har elevane ved Kongshaug musikkgymnas vorte tørna ut.

– Frukosten vert servert kl. 05.30 og kl. 06.00 må dei vera klar i bussane. 06.30 er det oppstilling i kyrkja. Det krev litt å få stemmene i gang så tidleg på dag, så dette er ikkje noko som kjem av seg sjølv, seier Rotvik.

Han fortel vidare at konserten har vorte rigga kvelden før. Elevane har øvd på songane sidan oktober, og solistar og orkester har brukt timesvis på å øva inn songane.

– No gjeld det berre å få det ut på ein slik måte at bodskapen går frå hjarte til hjarte, seier han.

Hektiske dagar

Frukostkonserten er berre byrjinga. Ut over dagen følgjer Kongshaug-elevane opp med fire skulekonserter for to av ungdomsskulane i bygda, samt for dei to vidaregåande skulane i Os. Om ikkje det skulle vera nok, vert det i år to konserter til på laurdag, ein på ettermiddag, og ein om kvelden.

– I løpet av to dagar når elevane ved Kongshaug musikkgymnas mellom 1500 og 2000 personer med sine hjertekonserter. Takksemda er stor hjå svært mange av dei som kjem, og den er svulmande stor hjå oss som går ut og inn og har vårt daglege virke mellom desse flotte elevane. Dei er våre beste ambassadørar, ikkje berre for skulen, men og for han som kan fylla alt i alle, Jesus Kristus, seier rektoren.

– Og kva kan vera viktigare å formidla i ei førjulsstrid meir prega av verdas uro og konfliktar enn på lenge? Eg berre spør. Har du ikkje fått dette med deg før, så nytt sjansen i år, avsluttar Rotvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.