Lokal | 15. des. 2017

Hjartevarme i sentrum

Hest og kjerre, ballongslepp og hjartevarme i sentrum i helga.

Hjartevarme i sentrum
Bring Children from Street er mottaker av årets Hjartevarme og givarglede-aksjon i Os sentrum 
Andris Hamrefredag 15. des. 2017 14:26

For fjerde året på rad inviterer Os sentrum til «Hjartevarme og givarglede».

– Tradisjonen tru held Os sentrum fram å gje den siste søndagen før jul til ein veldedig organisasjon for å fortelle om sitt arbeid for nokon som treng vår hjelp og støtte på alle måtar.

– I år kjem stiftinga «Bring Children from Street», som vi ved fleire anledningar har møtt på Os, der dei har seld produkt frå Uganda. Vi har òg arrangert auksjonar til inntekt for deira fantastiske arbeid i Uganda, seier primus motor, Tove Tvedt Skarstein.

Richard Kiwanuka kjem sjølv som flyktning frå Uganda og mange kjenner han som aktiv bokser.

– På søndag får de måta han og dei andre frå Bring Children from Street på torget der dei sel varer frå Uganda. Kanskje blir det litt dans òg. Vi håper alle tek seg tid til å stoppa litt opp og gje eit bidrag til det fantastiske arbeidet dei gjer for barn og unge i Uganda, avslutter Tvedt Skarstein.

Ballongar og hest

I tillegg til vitjing av frå Uganda blir det fleire aktiviteter i sentrum.

– Både laurdag og søndag mellom 14 og 16 blir det mogleg å få seg ein tur med hest og kjerre frå torget og opp mot kyrkjeflaten, fortel William Lindborg, leiar for sentrumsforeninga.

– Søndag blir det òg ballongslepp av hjarteballongar i samband med «Hjartevarme og givarglede»-aksjonen. Det skjer også på torget, klokka 15. Der har ordførar Marie Bruarøy varsla at ho vil vera til stades.

– Ellers så kan du jo nytte helga til å sikra deg kortreist juletre frå Botnevik eller Bø. Dei står her gjennom helga, avsluttar Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.