Hjelpa kom for seint
A-laget fekk uventa hjelp, men måtte likevel utsetja treningskampen mot Arna-Bjørnar.
Sundag kveld skulle Os spela treningskamp mot Arna-Bjørnar. Men den tunge snøen som kom natt til i dag var ikkje enkel å få vekk for hand.
- Det har blitt ein del måking på spelarane den siste tida. Torsdag fekk ti mann vekk all snøen på kort tid, men i dag var det for tungt, seier assistenttrenar Tore Nielsen.
Det kom mykje snø laurdag og natt til sundag, og med regn på toppen klarte ikkje spelarane å rydda banen åleine.
- Ein av spelarane ringte ein kamerat som hadde utstyr til å brøyta med, og han har tatt ein varsam, men effektiv rydding av kunstgrasbanen.
- No er vi ein av få klubbar på Vestlandet som har full bane å trena på, seier Nielsen nøgd.
I dag var det berre keeperane som fekk trena med ball, dei andre tok fri for å å kvila brøytemusklane før treningskamp måndag kveld.
- No møter vi Arna-Bjørnar måndag kveld og Fyllingen onsdag, begge på Kuventræ klokka 19, fortel trenaren.
Fyllingen er som kjent framleis i 2. divisjon medan Arna-Bjørnar spelar i den andre 3. divisjonsavdelinga når serien startar.
Os har éin uavgjort (Stord), éin siger (Baune) og eitt tap (Smørås) i dei tre treningskampane dei har hatt til no i år.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.