Torkel Hjertnes og Anders Kloven varma opp saman på Kuventræ i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Hjertnes og Kloven (!) i trening igjen

Dagen før avreise til Kypros såg det ut som om Hassan har henta inn rutinerte erstattarar til dei mange skadde i Os-stallen.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag tidleg sette stallen til både Os og Os 2 seg på flyet til Kypros, via London, for ei veke med treningsleir i 16-18 varmegradar og sol.

Måndag kveld var to veteranar i trening med A-laget, midtstoppar og tidlegare kaptein Torkel Hjertnes, som i utgangspunktet gav seg etter sesongslutt i fjor, og keeper Anders Kloven, som la opp i 2013.

– Ikkje gjer for mykje ut av dette, eg er berre innom for å sjå om kroppen fungerer, seier Kloven.

Med unntak av nokre treningsøkter (men ingen kampar) med Nore Neset i fjor, har han ikkje trent fotball på over tre år.

Os har slite med skadar, ikkje minst i keeper-rekkene, og har invitert Kloven på trening.

• Les òg: Fleire usikre keeper-kort på Kuventræ

Brå slutt i 2013

Keeperen, som er same årgang som Stian Lunde (1982), har blant anna spelt den sterke NM-kampen mot Vålerenga i 2004 (Os leia to gongar, men tapte 2-3).

Han sto mot Hovding i opprykkskampane i 2006, var vekke på reise i opprykkssesongen 2009, men bytte med Halvard Enes på å spela i 2. divisjon og 3. divisjon for Os fram til han la opp hausten 2013.

I motsetnad til fleire andre blei det ingen gradvis nedtrapping i lågare divisjonar for Kloven, med travel jobb og stifting av familie kutta han fotballen heilt ut.

– Førebels kjennes det greit ut, men det er mykje som skal på plass av teknikk og tempo før det er noko hjelp i meg, seier Anders til Midtsiden etter treningsøkta med keepertrenar Vidar Bahus måndag kveld.

Kloven sit ikkje på flyet til Kypros i dag, men trener vidare med Os når dei er tilbake.

Hjertnes blir med

Seks år yngre Torkel Hjertnes, som vurderte å gje seg før 2016-sesongen, blei saman med Stian Lunde med i eitt år til.

Dei to tidlegare kapteinane var begge tydelege på at ved sesongslutt i haust var det slutt.

I går var Torkel si første trening på Kuventræ sidan oktober 2016.

– Eg blei kontakta av Endre Brenne onsdag. Torsdag hadde vi møte, fredag takka eg ja. Dette dukka opp då Preben Skorpen braut foten. Eg har sett situasjonen dei er i og synest det er tungt å seia nei når klubben ber om hjelp.

• Les òg: Nok ein Os-spelar på krykker

Torkel har trent lite fotball i vinter. Det har blitt cirka to økter med Søfteland og fem med Nore Neset. I utgangspunktet skulle han gje svar til ein av klubbane i førre veke, kven av dei han ville spela for i år, i staden blir det Os og Regionsligaen.

– Eg hadde uansett tenkt at eg kunne gå på lån til ein av dei to 5. divisjonsklubbane, i tilfelle Os skulle ha behov for meg. Eg har trent ein del i vinter, men lite fotball, så no må eg bruka den siste månaden godt så eg kjem i form igjen.

Hjertnes jobbar for MX Sport, der medeigar og sjef Jan Frode Skeie også er sportsleg leiar i Os Fotball. Dermed blei det ikkje vanskeleg å få fri på kort varsel for å reisa på treningsleir.

– Eg ser fram til turen, og til å spela i Regionsserien, med tøffare motstand og fleire nye lag å spela mot, blir det nok ein spennande sesong.

Tar franskmann med til Kypros

Os reiser til Kypros med godkjenlse etter 2-0-siger over Bjarg i treningskamp laurdag. Dei yngre spelarane har klart seg godt, men Os må vera varsame å ikkje slita desse ut mens fleire eldre er ute med skade.

– Det har vore ein forferdeleg skadesituasjon i vinter! Det starta dårleg og blei endå verre. Eg er glad for at Hjertnes og Kloven har takka ja til å koma på trening, og til å vera med og hjelpa der det blir behov, seier Hassan El Fakiri.

– Fleire av dei som har vore skadd er heldigvis på veg tilbake og ser ut til å bli klare til april. Dette gjeld både Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Endre Brenne, Rafael Villén, Christoffer Hafsås og Enrique Søvik.

– Vi ser likevel etter eit par spelarar til. Vi har hatt to utlendingar på prøvespel no nyleg, begge har vore bra. Éin av dei ser førebels ut til å vurdera eit anna tilbod framfor vårt, mens vi har ein offensiv franskmann med oss til Kypros for å bli betre kjent med han.

Seriestart er heime mot Spjelkavik laurdag 15. april, men allereie laurdag 25. mars er første teljande kamp, NM-kvalik heime mot Odda.

TERMINLISTE OG TABELL


Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.