Hans-Marius Johnsen (nede i midten) saman med bandet, koret og gitarteknikeren som skal halda alle sju gitarane stemte gjennom konserten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

HM Johnsen sin tropp til platesleppet

Har med seg tre musikarar, tre kordamer, sju gitarar, eigen gitartekniker (!) og lydmannen til Aurora.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag har den talentfulle gitaristen Hans-Marius Johnsen (20) plateslepp for debutalbumet «Chased» i Griegsamlinga i Oseana.

Med seg har han blant anna ein vokalist som ikkje har sunge på ein scene på ti år. Stine Kobbeltvedt varma med rockebandet Furia opp for Lenny Kravitz i 2005. No har ho tatt med seg to venninner, Hege Varhaug-Lekven og Lise Renee Aase, for å vera kor for mr Johnsen.

– Eg er så fascinert over pågangsmotet, korleis han tar ansvar for si eiga artistkarriere, for måten han tar vare på talentet sitt og kjempar for å få musikken sin gjeven ut, seier Stine.

– Vi gjorde mykje sjølv vi òg, men vi hadde jo aldri pengar. Hans-Marius let seg ikkje stoppa, han går ut, får inn sponsorar og ordnar det han treng sjølv, seier Kobbeltvedt om tida med Furia.

• Les òg: Johnsen med singelslepp (mai 2016)

HM Johnsen fortel at ideen om kordamer dukka opp under innspeling i studio.

– Praten i pausen kom innom Pink Floyd, og eg diggar kordamene til Pink Floyd. No er eg utruleg takksam og glad for at eg har fått tre så flinke damer med meg i mitt eige kor.

Made in Abbey Road - og Øystese

HM Johnsen har i ung alder jobba målretta for å få finansiert starten på karriera, innspeling hos Alvin Vestrheim i Øystese, mastring (hos han som no mastrar for sir Paul McCartney) i Abbey Road og trykk av 300 på vinyl og 100 på CD.

9 låtar, med kordamer på 7 av dei, og med 7 ulike gitarar som alle skal brukast på sleppefesten.

– Kvar gitar har sin sound. I tillegg blir det minst éin låt med ein double neck, lover han.

• Sjå videoportrett: Tett på HM Johnsen

Bygde band rundt gitaristen

Rockeveteran, trommespelar og tilsett i kultureininga i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh, har dei siste åra vore bandkamerat og mentor for den unge gitaristen, som i 2012 fekk stipend og i 2014 også byrja å synga.

– Hans-Marius meiner alvor, og det er ei solid og kostbar plate han no gir ut, seier Kjetil.

Grønvigh fekk Kim Gulbrandsen (keyboard) og Jone Finne Kuven (bass) inn i bandet. Jone blei erstatta med Jeroshan Daniel Alexander (20) frå Sotra.

– Vi visste at vi hadde Jone på lånt tid, den talentfulle ungdomen skulle vidare på andre prosjekt. Då var det kjekt at vi fekk inn ein god mann som Jero på same instrument og med omtrent same sveis, seier Grønvigh om dei to krølltoppane.

Jero, som tidlegare har vore elev ved Kongshaug, var ein av 300 inviterte gjestar (BT.no) då Harald og Sonja i fjor feira 25-årsjubieet for signing. Bakgrunnen for invitasjonen var Jero sitt engasjement for UKM.

Kim har vore med i band som Pogo Pops og Audrey Horne, og har spelt for ei rekkje kjente artistar, blant anna Kurt Nilsen.

Der andre har smørebuss …

Som lydteknikar til sleppefesten har Paul Inge Vikingstad takka ja til å stilla.

• Les òg: Han serverer lyden av Aurora

I tillegg til sterkt band og kor, og lydmann i verdsklasse, har HM Johnsen med seg ein eigen gitartekniker som skal halda dei sju gitarane stemt gjennom kvelden.

– Der andre har ein smørebuss har Johnsen ein gitartekniker, seier Osablod og ler.

Torsdag var bandet på si første øving med koret, i Os Rockeklubb sitt lokale. Laurdag kveld er det plass til 100 på sleppefest i Griegsamlinga i Oseana. Over halvparten av billettane er selt.

– Eg gler meg til å spela heile plata, frå A til Å! Det blir dessutan sal av rykende fersk merch, og ei lita overrasking på tampen av kvelden, seier HM Johnsen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.