– Ho speler ikkje som ei jente
I helga spelte Andrine Døsen to kampar med kretslaget. Viss ikkje hadde ho stått i startellevaren til damelaget til Fana.
Tidlegare Os og Nore Neset-spelar Andrine Døsen, som fyller 16 år denne veka, var i november i fjor blant dei unge talenta frå Os som blei tatt ut til å trena med kretslaget gjennom vinteren.
I helga var ho del av troppen då Hordaland sitt kretslag spelte mot nabokretsane Rogaland og Sogn og Fjordane i Sotra idrettshall.
– Vi har litt å revansjera. Vi tapte 1-2 og 0-5 då kretslaga møttest i sommar, sa Andrine før kampane.
Litt betre denne helga
Det gjekk noko betre denne helga. Fredag spelte dei 2-2 mot Sogn og Fjordane.
– Det blei ein jamn og tøff kamp, synest Andrine.
Søndag blei det tøffare, då gjekk Hordaland på eit 0-5-tap for Rogaland.
Også gutane sine kretslag har spelt turnering i helga, men ingen gutar i 2000- eller 1999-årgangen frå Os var tatt med i troppen.
Med Fana i 2. divisjon
To jenter frå Os gjekk i vinter til damelaget til Fana, Guro Drange Veglo og eitt år yngre Andrine Døsen. Fana speler i 2. divisjon, to nivå over Os sitt damelag.
– Viss ikkje Andrine hadde vore opptatt med kretslaget så hadde ho spelt frå start då vi møtte Åsane fredag, fortel Fana-trenar Bjørn Mjelva.
Han er full av lovord om den unge spelaren frå Søre Øyane.
– Ho er veldig rask og har eit enormt rykk, ho er teknisk, ho les spelet godt og ho skyter knallhardt med begge bein. I tillegg er ho aggressiv og uredd i spelestilen, ho speler som ein tøff gut. Om Andrine held seg skadefri og like seriøs som no så kan ho nå veldig langt med fotballen.
Mjelva er klar på at han vil bruka desse kvalitetane offensivt med Fana.
– Eg fekk hakeslepp då eg fekk høyra at ho har vore brukt som midtstoppar i tidlegare klubbar, og som back med kretslaget. Andrine er først og fremst eit farleg angrepsvåpen, meiner Mjelva.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.