Sport | 08. juni 2010

Hockeysiger for Os 2

Os 2 slo Vadmyra 5 – 3 på bortebane måndag kveld.

Hockeysiger for Os 2
Andris Hamretirsdag 08. juni 2010 08:33

- Det blei jo hockeyresultat dette her, seier Ostrenar Tore Nilsen om sigeren over Vadmyra.

Kom dårleg i gang
- Det begynte dårleg dei 10 første minuttane. Vadmyra var eit duellsterkt lag som skapa eindel trøbbel for oss i starten. Det gjorde at det fekk ei rekke med cornarar, og det var på ein av desse dei tok føringa 1 – 0, fortel Nilsen.

Berre minuttet seinare var Os frampå og reduserte til 1 – 1 etter ei heading frå Mats Lepsøe.

Tok over
- Etter kvart som vi byrja å vinna duellane og fekk til det spelande spelet vårt tok vi meir og meir over kampen, fortel trenaren.

1 – 2 kjem etter 13 minutt då Espen Valvik sett ein retur frå keeper kontant i mål. Returen kom etter eit skot frå Mats.

Ballen ute og uavgjort til pause
Utligninga til 2 – 2 kjem etter ein merkeleg situasjon. Ballen er to meter utover sidelinja. Begge laga stoggar opp, men linjemannen vinkar ikkje. Då grip ein av Vadmyraspelarane sjansen og tek med seg ballen og sett han oppe i det lengste hjørnet.

Corner rett i mål
Etter eit kvarter i andre omgang kjem Dani Bergstø åleine opp på bakre stolpe og nikkar ballen i mål.

Kampens flottaste scoring er det Preben Borgen som står for når han førar Os opp i 4 – 2 leiing. Målet kjem etter ein knallhard corner som stussar innom ein forsvarsspelar på streken og går inn. - Det er berre Preben som klarar noko slik, kommenterar Ostrenaren.

Martin Eidsvik kjem inn for Kristian Almeland etter 70 minutt og får æra av å setta inn det femte osmålet før Vadmyra reduserar til 3 -5 på straffe i det 90 minutt.

Kjekt å scora
- Det er kjekt å setta nokre sjansar. Eg håpar det smittar over på førstelaget òg, avsluttar Tore Nilsen som samstundes trekk fram Tom Skråmestrø som dagens beste Os-spelar.

Os sitt lag (4-4-2):
Anders Strønen
Anders Glesnes, Dani Bergstø, Baste Jonassen, Mats Lepsøe
Christian Almeland, Tom Skråmestø, Preben Borgen, Erik Kanestrøm
Tim Henrik Sperrevik, Espen Valvik

Martin Eidsvik, Espen Kopperud og Espen Kolås var innbyttarar med speletid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.