Lokal | 12. jan. 2017

Høg flo gjorde ingen skade - til no

Stor bildeserie: Sånn såg floa ut i Os hamn, Øyane og Ervikane. Os brannvesen åtvarar båteigarar, og brukarar.

Høg flo gjorde ingen skade - til no
Det blei underhaldande, men ikkje skadeleg, men høg vasstand i Os i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. jan. 2017 10:49

Bildeserie:

SJøen og nedste del av elva sto over fleire brygger og kaiar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Elva gjekk inn til trappa opp til Capri. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Også bak gamlebanken blei det tangering av bakkeplan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Når det er nedoverbakke frå elva til naustet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ein svømmetur på brygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Heldigvis var det stille i Os hamn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gjestebrygga ved Os Sjøfront. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gjestebrygga ved Vindu mot Fjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Oselvarhopen, med venstre brygge under vatn. (Foto: Andris Hamre)

– Ver obs på rekve, om du skal i båt, seier Smaadal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Denne kan gjera skade på båten din om du kjem i bra fart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Den eine brygga ved sjøfronten hamna på snei. (Lesarbilde)

Stupebrettet i Vikjo, så vidt over vasskorpa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Brygga som hamna på rek er erstatta med støypt kai (under vatn). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Full lensing i underetasjen i Brugata. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Øyane på full flo i dag. (Lesarbilde)
Øyane på full flo i dag. (Lesarbilde)
Ervikane i Strøno på full flo i dag. (Lesarbilde)

1 av 18

Det var meldt ekstremt høg vasstand på Vestlandet i dag, og klokka 10.21 skulle det vera full flo i Os.

Vatnet sto høgt allereie ein god time før full flo

Det blei ikkje så ekstremt som venta, ifølgje BT.no var vasstanden 10 cm lågare enn det som var meldt, ifølgje Kartverket blei den 1,87 meter, altså 12 cm lågare enn varsla.

I Os hamn var det dessutan blikkstille, grunna vindretning frå vest, noko som var med på å gjera at den høge fjorden ikkje herja noko særleg med hamna.

– Vi førebudde oss på å pumpa ein kjellar i ein privat bustad ved elva, eit hus som plar får problem når vasstanden er svært høg, men der gjekk det bra, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Brannvesenet hadde ingen rednings- eller pumpeoppdrag i samband med den høge vasstanden.

– Pass opp for rekve!

Ansvarleg for Os hamn, Gitle Smaadal frå Os brannvesen, var òg på patrulje i hamna i 10-tida i dag.

– Alt ser ut til å ha gått greit, men det vi veit av erfaring er at det ved høg vasstand ofte kjem mykje på rek, seier Smaadal, og peiker på ein kort tømmerstokk på rek ved Os kai.

– Dei som bruker båt no om vinteren bør vera obs på at det kan ligga tunge ting å duppa i vasskorpa. Stokkar som denne kan gjera stor skade på ein båt i fart.

I bildeserien over ser du Os hamn på full flo, Øyane og Ervikane.

Takk til lesarar som har sendt oss bilde!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.