Høg flo, inga problem
Rekordhøg vannstand tysdag formiddag skapte få problem i hamna.
Bildeserie:
Om det var den rekordhøge vannstanden som gjorde at ubåten KNM Uredd fann det passande å vitja det ytre hamnebassenget i Os hamn tysdag skal vera usagt.
Tysdag formiddag skulle nemleg floa vera på det høgste så langt i februar. Heile 168 cm høgre enn sjøkartnull blei observert då klokka passerte 10.50 i formiddag. I tillegg blei det målt ei vassføring i Osvassdraget ved målestasjonen på Røykenes på vel 12 kubikkmeter per sekund.
Trass den høge vannstanden, og mykje vatn i elva var det lite problem å observera i hamna. Ein snill vind gjorde at «fontenene» ein vanlegvis kan sjå stå opp gjennom gjestebrygga var skuffande små.
Prognosane i tidevatnstabellen tydar på at tysdag formiddag var den høgste vannstanden vi skal oppleva denne veka. Ved neste flo klokka 23 i kveld vil den truleg vera 155 cm over sjøkartnullen før den held fram med å synka vidare utover i veka.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.