Sport | 01. mars 2015

Høgt tempo i Barcelona

Lysekloster har tatt finpuss på formen, og klarte seg bra i treningskamp mot spansk motstand.

Høgt tempo i Barcelona
Frå treningsfeltet ved Cambrils Park sør for Barcelona. (Foto: Daniel Kalstad, Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mars 2015 08:22

I dag reiser 22 Lysekloster-spelarar heim etter ti dagar med trening i Spania.

– Det har vore ei veldig god treningsveke. Samtidig har det vore godt å få mykje tid saman, spesielt med tanke på at vi har så mange nye spelarar i troppen, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.

Hovudfokus har vore spelesystem, noko som tar tid å øva inn.

– Dette har vi no fått drilla godt, med trening kvar dag og to økter for dagen annakvar dag, seier Sandal.

Spelte 1-1

Tre av dei 22 spelarane, Sindre Flå, Tommy Gaustad og Ola Sjømæling, kom til Barcelona natt til torsdag og gjekk med det glipp av treningskampen same kveld.

To andre, Sigve Rørstad og Daniel Kalstad, sto over grunna sjukdom og skade.

– Vi møtte Reddis FC, eit lag frå Primera Catalana, altså femte nivå i spansk fotball. Dei var veldig god med ball og spelte typisk spansk fotball, med mykje korte, raske pasningar.

Kampen enda 1-1. Aleksander Andersen skåra Lysekloster sitt mål.

Laget, 1. omgang: Chris Sunde Midtun, Baste Jonassen, Knut Eriksen Eide, Preben Skropen, Aleksander Andersen, Hans Christian Nysæther, Joakim Hjelmeland, Espen Birkeland, Øystein Takle Eide, Thomas Helland og Lars Henrik Skage

Laget, 2. omgang: Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Knut Eriksen Eide, Preben Skorpen, Steffen Vindal, Aleksander Andersen, Johannes Jordal, Kim Liseth, Tobias Rødseth, Thomas Helland og Lars Henrik Skage

Messi på tomgang

Lysekloster-spelarane, med trenarapparat, fekk seg også ein tur til Camp Nou, men måtte ikkje uventa nøya seg med å sitja på tribunen.

– Det var ei stor oppleving med gode sete og over 76.000 på tribunen.

Dessverre såg FC Barcelona ut som om dei sparte seg til Champions League-kampen, for mot Malaga blei det eittmålstap og første heimekamp på «100 år» utan skåring av Barca.

Kult, men kaldt

Full utteljing fekk Lysekloster heller ikkje med temperaturen. Rett nok er det februar, men gutane hadde nok håpa på noko varmare vêr før dei reiste til Spania. Turen gjekk til Salou ein time sør for Barcelona, same stad som Os jenter 16 var på leir i haustferien 2013.

– Det var eit flott anlegg og supert treningsvêr, men ein god del kaldare enn då vi var i Tyrkia. I tillegg hadde vi ein del vind, så det blei ein del innetid på fritida, seier Sandal.

Treningsleiren blei avslutta med éi økt fredag og to harde økter laurdag. Vil du lesa meir om treningsleiren kan du sjå spelar Daniel Kalstad sine daglege rapportar på lysekloster.no.

I dag er det heimreise, torsdag speler Lysekloster treningskamp mot Fana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.