Kultur | 15. apr. 2017

– Høna blei ikkje så stor i år

Å bygga store påskehøner i snø har blitt ein tradisjon blant fleire hytteeigarar på Kvamskogen.

– Høna blei ikkje så stor i år
Denne høna ruvar ved hytta til Siv og Alf på Kvamskogen, men er mykje mindre enn den dei bygde i fjor. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. apr. 2017 08:22

Kvar vinter sidan 2010 har Siv Vevle og sambuaren Alf Holdhus frå Os brukt delar av påskeferien på eit aldri så lite byggverk i snø.

– Det byrja med at vi gjekk tur forbi ei hytte der andre hadde laga ein kylling eller høne i snø, og fargelagt denne. Då fekk vi òg lyst å prøva.

– Vi bygger saman med ungane, men det varierer kor god snøen er på tampen av vinteren, seier Siv.

I år fekk påskehøna ei skulderhøgde på 2,5 meter. I fjor var den heile 4 meter høg.

– Utfordringa er å få tak i maling.

– I starten brukte vi maling som blir selt på flasker i hobbybutikkar, men det trur eg ikkje dei sel i Os lenger. No har vi brukt konditorfarge, men det blir ikkje like bra, fortel Siv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.