Lokal | 14. okt. 2017

Høner i hagen

Korleis er det eigentleg å ha høner i hagen?

Høner i hagen
Britt Oppheim deler sine erfaringar med å ha høns i hagen (privat foto)
Andris Hamrelørdag 14. okt. 2017 07:53

Det vil Os hagelag freiste å finne svaret på når dei inviterer Britt Oppheim frå Hordaland Hobbyfjærkreklubb til temamøtet i Tunet kyrkje- og kultursenter neste torsdag.

– Dei som er interessert i å skaffe seg høns vil denne dagen få god informasjon om kva som skal til for å skaffe seg høns, kva reglar som gjeld og korleis du skal får dei til å trivast, fortel Jan Helge Gram Eggestøl i Os hagelag.

– Britt Oppheim fortel og viser bileter om alt frå det å bygga eit hønsehus, inngjerding, mat som er bra for hønene og kva typer høner som er gode å ha i hagen. Det vil òg bli høve til å dele erfaring om det å ha høns.

Årets siste møte

Møtet med Britt Oppheim, blir årets siste hagelagsmøte.

– Møtet blir også årsmøte for Os hagelag kor vi går gjennom årsmelding, rekneskap og vel nytt styre.

– Vi vil også legge fram førebelse planar for hagelaget sin aktivitet neste år, avsluttar Gram Eggestøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.